Play av Jüri Pootsmann

«Play»
Song av Jüri Pootsmann

Land Estland
Språk Engelsk
Utgjeve 4. januar 2016
Sjanger Alternativ, pop
Lengd 03:02
Selskap Universal Music
Komponist Stig Rästa
Tekstforfattar Stig Rästa
Låtskrivar(ar) Fred Krieger, Stig Rästa, Vallo Kikas

«Play» (norsk omsetjing: ’spel‘) er ein song frå 2016 med Jüri Pootsmann. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2016 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.[1]

Om songen

endre

«Play» er skriven av Fred Krieger, Vallo Kikas og Stig Rästa, som saman med Elina Born representerte Estland i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Goodbye to Yesterday».

«Play» var eitt av 24 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2016, arrangert av kringkastaren Eesti Rahvusringhääling (ERR).[2] «Play» kvalifiserte seg frå semifinalen 20. februar og vann seinare finalen 5. mars 2016 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren blei «Play» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.[3][4]

Eurovision Song Contest

endre

I januar 2016 blei Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest.[5] Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige tysdag 10. mai, og Estland hadde startnummer 13.[6] «Play» enda sist i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 14. mai.[7][8]

Kjelder

endre
  1. «Jüri Pootsmann wins Eesti Laul 2016». Eesti Rahvusringhääling. Henta 19. april 2024. 
  2. «Who are the hopefuls to represent Estonia?». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  3. «Jüri Pootsmann». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  4. «Jüri Pootsmann to represent Estonia in Stockholm». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  5. Jordan, Paul (25. januar 2016). «Allocation Draw: The results!». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 25. januar 2016. 
  6. Jordan, Paul (8. april 2016). «Running order of the Semi-Finals revealed». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 8. april 2016. 
  7. «Eurovision Song Contest 2016 First Semi-Final». eurovision.tv. Henta 13. januar 2017. 
  8. «Eesti jäi Eurovisiooni poolfinaalis viimaseks». Elu24 Poostimees. Henta 19. april 2024.