Plystreskjor

art av sporvefuglar

Plystreskjor (Gymnorhina tibicen) er ein mellomstor svart og kvit sporvefugl med opphavleg leveområde i Australia og sørlegaste Ny-Guinea. Som medlem av slaktarfuglfamilien er han nært knytt til slaktarfuglar i slekta Cracticus.

Plystreskjor
Bilete frå Samsonvale Cemetery, SE Queensland Foto: Tom Tarrant
Bilete frå Samsonvale Cemetery, SE Queensland
Foto: Tom Tarrant
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Plystreskjor
Utbreiinga av Plystreskjor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Slaktarfuglfamilien Cracticidae
Slekt: Gymnorhina
Art: Plystreskjor G. tibicen
Vitskapleg namn
Gymnorhina tibicen

Skildring

endre
 
Kvitrygga form på Tasmania, hannfugl til venstre, hofugl til høgre
Foto: KeresH

Vaksne plystreskjorer er ein ganske robust fugl som måler 37-43 cm i lengd, veg ca. 350 gram,[1] med karakteristisk svart og kvit fjørdrakt, gullbrune auge og eit solid kileforma bleikt nebb med svart nebbtupp. Det er no anerkjent ni underartar av plystreskjorer, og det er to fargevariantar, ein med svart rygg og ein med kvit rygg. Førstnemnde forma har kvitt bakhovud og nakke, her er hoene gråspraglete. I sistnemnde form har hannar eit meir utbreidd kvitt område på ryggen, hoene er fint gråspraglete på dette området på ryggen.[1] Elles er kjønna like. Plystreskjorer brukar mykje tid på bakken der dei har nytte av dei lange beina. Skildra som ein dei mest kjende songfuglane i Australia, har plystreskjorer ei rekkje komplekse vokaliseringar, noko som òg er reflektert i det norske artsnamnet.

Plystreskjorer er altetande, med hovuddelen av det varierte kosthald består av virvellause dyr. Dei er generelt standfuglar og territoriale gjennom heile utbreiingsområdet. Som vanleg og vidt distribuert, har dei tilpassa seg godt til menneskeleg busetjing og er ein kjend fugl i parkar, hagar og jordbruksområde i Australia og på Ny-Guinea. Plystreskjorer vart introduserte på New Zealand i 1860, men har seinare blitt skulda for å fortrenge innfødde fuglar og er no handsama som eit skadedyr.[2] Introduksjonar skjedde òg på Salomonøyane og Fiji, der fuglane ikkje blir rekna som ein invasiv art.

Våren i Australia er skjorsesongen, og når eit lite mindretal av hekkande plystreskjorer, nesten alltid hannar, rundt om i landet blir aggressive, så stup dei og åtar menneske og dyr som nærmar seg reirplassen, inkludert sykkelryttarar. Plystreskjorer blir ofte mata av menneske rundt om i Australia, og er maskot i fleire australske sportslag.

Kjelder

endre
  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 heather og Robertson, 2005
  2. «Site led pest animals » Magpies». Greater Wellington Regional Council. 16 March 2011. Arkivert frå originalen 10. februar 2013. Henta 31. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Plystreskjor