Politidistrikt er geografiske einingar ein kan dela politimyndigheita i eit land inn i.

Kart over Stockholm politidistrikt før 1914.

Noreg endre

 
Lillestrøm politistasjon i Øst politidistrikt.

I Noreg er Politi- og lensmannsetaten delt inn i politidistrikt. Distrikta er underlagde Politidirektoratet, som har ansvar for fagleg leing, styring og oppfølging.

Før 2002 var det 52 politidistrikt i Noreg. Våren 2001 behandla Stortinget ein politireform,[1] som innebar ei samanslåing av fleire politidistrikt. Reforma blei verksam den 1. januar 2002 og innebar at talet på politidistrikt blei redusert til 27. Det er også lagt fram ulike forslag om vidare samanslåingar for å effektivisera politiverksemda.[2]

Eit politidistrikt er leia av ein politimeister, ein statleg embetstittel som blir gjeven av Kongen i statsråd.

Innan kvart politidistrikt finst politistasjonar, lensmannskontor og namsfogdkontor. Kvar politistasjon er underlagd ein politistasjonssjef og har geografisk ansvar for eit politistasjonsdistrikt. Politistasjonar kan anten ha reine politioppgåver eller både politigjeremål og sivile rettspleie­gjeremål. Lensmannskontor er underlagd ein lensmann og har ansvar for eit lensmannsdistrikt. Lensmannskontor har både politigjeremål og sivile rettspleie­gjeremål. Namsfogdkontorer er underlagde ein namsfogd og dekkjer eit namsfogddistrikt. Namsfogdkontorer har berre sivile rettspleie­gjeremål.

Eit politidistrikt utgjer også ein lokal redningssentral (LRS), som har ei redningsleiing med representantar frå aktuelle offentlege etatar, med politimeisteren som formann. I si rolle som LRS er politidistriktet underlagd Hovudredningssentralene.

Politidistrikt endre

  1. Finnmark politidistrikt
  2. Troms politidistrikt
  3. Nordland politidistrikt
  4. Trøndelag politidistrikt
  5. Møre og Romsdal politidistrikt
  6. Vest politidistrikt (Hordaland og Sogn og Fjordane)
  7. Sør-Vest politidistrikt
  8. Agder politidistrikt
  9. Sør-Øst politidistrikt (Buskerud, Telemark og Vestfold)
  10. Oslo politidistrikt (Oslo, Asker og Bærum)
  11. Øst politidistrikt (Follo, Romerike og Østfold)
  12. Innlandet politidistrikt (Hedmark og Oppland)

Kjelder endre

  1. St.meld.nr.22 (2000–2001) NB Politireform 2000 – et tryggere samfunn, 1.1.2000, STM20000220D, jf. Innst. S. nr. 241 (2000–2001) Innstilling fra justiskomiteen om Politireform 2000. Et tryggere samfunn.
  2. Jan Gulliksen (08.05.2012), Frp uenige om politidistrikt-forslag 

Bakgrunnsstoff endre