Politisk økonomi

Politisk økonomi var den opphavlege termen for studiet av produksjon, handlingar som kjøp og sal, samt tilhøvet til lova og til styresmaktene.

Jean-Jacques Rousseau, Discours sur l'oeconomie politique, 1758

Termen vart brukt allereie på 1700-talet om studiet av økonomien til ein stat. Nokre politiske økonomar støtta arbeidsverditeorien. Blant dei mest kjende tilhengarane av denne teorien finn ein personar som John Locke, Adam Smith og Karl Marx). Deira utgangspunkt var at det var arbeidet som skapte grunnlaget for verdiane i samfunnet. Mange politiske økonomar var også opptekne av utviklinga innan teknologien, ei utvikling som gjekk stadig hurtigare og som fekk ei stadig viktigare rolle innan sosiale og økonomiske forhold.

Seint på 1800-talet blei termen politisk økonomi erstatta av termen samfunnsøkonomi (på engelsk «economics»), ein term som blei brukt av dei som forsøkte å gje studiet av økonomi eit meir matematisk grunnlag.

I dag blir termen politisk økonomi brukt om fleire ulike, men nærskylde tilnærmingar til studiet av økonomisk og politisk åtferd. Politisk økonomi tek mellom anna for seg samspelet mellom politikk og økonomi nasjonalt og internasjonalt. Modellar og metodar hentast frå både samfunnsøkonomi og statsvitskap. Politisk økonomi arbeider både med «økonomisk» åtferd i den politiske prosessen og med «politisk» åtferd i markedet.