Opna hovudmenyen

Politisk rådgjevar er i Noreg ein tittel på ein person, ein politikar, som har støttefunksjonar for andre politikarar.

Det kan dreie seg om overordna oppgåver som å utforme politikk, mediestrategi og liknande. Og det kan dreie seg om bistand med praktiske oppgåver, som taleskriving, brevskriving og liknande. Det kan også dreie seg om kontakt med publikum, interesseorganisasjonar, administrasjonen og media, og kontakt med dei politiske partia dei høyrer til. I mange tilfelle er dei politiske rådgjevarane aktive politikar, og deltar i debattar, skriv avisinnlegg mv. Dei er i tillegg også ofte aktive lokalpolitikarar, med politiske verv i kommunar og fylkeskommunar, og politiske verv på ulike plan i dei politiske partia dei høyrer til.

Politiske rådgjevarar finn ein særleg to stadar: Statsrådar har ein eller fleire politiske rådgjevarar, som er ein del av den politiske leiinga av departementet. Også stortingsgruppene til partia har tilsett eigne politiske rådgjevarar til hjelp for stortingsrepresentantane.

Politiske rådgjevarar for norske statsrådarEndra

I norske departement er politiske rådgjevarar politisk oppnemnde, som hjelparar for statsråden.

Ein politisk rådgjevar går inn i det som blir omtala som den politiske leiinga i departementet, altså dei som er politisk oppnemnde: Statsråd, statssekretærar og politiske rådgjevarar.