Polsko

tykke av magnetisk blautt jarn som blir sett på endane av ein elektromagnet eller permanent magnet

Polsko er eit stykke av magnetisk blautt jarn som blir sett på endane av ein elektromagnet eller permanent magnet for å gje feltet mellom polane ei bestemd utforming. For å få homogent magnetfelt brukar ein polsko med parallelle endeflater. I ein vekselstraumgenerator blir rotoren utstyrt med polsko som er forma slik i tilhøve til statoren at straumen varierer sinusforma. I eit magnetisk spektrometer blir polskoa utforma slik at magnetfeltet virkar fokuserande på partiklane.

Kjelder

endre