Populært Tidsskrift for seksuell opplysning

Populært Tidsskrift for seksuell opplysning var eit norsk tidsskrift som kom ut mellom 1932 og 1935.

Redaktørar var dei unge legane Karl Evang, Otto Galtung Hansen og Carl Viggo Lange. Evang tok initiativ til å starta tidsskriftet etter å ha fått mange spørsmål om seksualitet i si medisinske spørjespalte i Arbeidermagasinet.

Krinsen kring tidsskriftet var radikale legar og studentar med tilknyting til Mot Dag og Socialistiske lægers forening, og dei såg på seksuell frigjering som ein del av det generelle evolusjonære marxistiske programmet. Frigjeringsideologien var inspirert av både marxismen og psykoanalyse, men ein kan sjå ei vel så sterk påverking frå den radikale, marxistiskinspirerte psykoanalytikaren Wilhelm Reich som frå Sigmund Freud.

Tidsskriftet braut med tradisjonelle religiøse og konservative haldningar til seksualitet, og tok mellom anna til orde for nye oppfatningar om onani, abort, homoseksualitet og kvinneleg seksualitet. Eit hovudpoeng var at seksualitet måtta forklarast medisinsk eller vitskapleg i større grad enn moralsk. Ordparet sunt/usunt blei såleis viktigare enn rett/gale, men implisitt i dette perspektivet låg at ei sunn utvikling ville medføra ein «normal» seksualitet.

Publikasjonen var kontroversiell (den svenske utgåva blei meldt til politiet, men vart frikjent i retten), men fekk også god mottaking, mellom anna av Dagbladet og Tidsskrift for den norske lægeforening. Opplaga var store, og mange av artiklane danna basis for dei seinare seksualopplysningsbøkene til Evang, som også fekk stor spreiing.

Tidsskriftet må sjåast i samanheng med seksualreformrørsla, som i Sverige førte til danninga av organisasjonen Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU), og det går ei line til den seksuelle frigjeringa og den nye feminismen1960-talet og 1970-talet.

Bakgrunnsstoff endre