Porcupine Tree

britisk progressivt rockeband

Porcupine Tree er eit engelsk band med opphav i Hemel Hempstead i Hertfordshire i England. Musikken deira er ein kombinasjon av rock, metall og alternativ. Frontfigur Steven Wilson kommenterte ein gong: «I like so many different types of things, and they all go into the melting pot, if you like, that produces the music of Porcupine Tree.»[1]

Porcupine Tree

OpphavEngland
Periode1987-
Aktiv1987–
SjangerRock, psykedelisk rock, progressiv rock, alternativ
PlateselskapDelerium
Peaceville
Snapper
Lava
Transmission
Roadrunner (Europa)
Atlantic (Nord-Amerika)
WHD (Japan)
MedlemmerSteven Wilson
Richard Barbieri
Gavin Harrison
Colin Edwin
John Wesley (berre på konsertar)
Tidlegare medlemmerChris Maitland

Gjennom 90-talet var musikken mest psykedelisk, men også med element av elektronisk musikk, grunna at Steven Wilson og Richard Barbieri hadde ein stor fascinasjon for band som Tangerine Dream, Neu! og Can. Etter utgivinga In Absentia (2002), starta bandet å utforska tyngre musikk på platene, med inspirasjon frå blant anna Opeth.

Når dei speler konsertar nyttar Porcupine Tree ein storskjerm der dei prosjekterer video og bilder spesielt laga til den songen som blir spelt. Dette verkemiddelet tok dei i bruk under "In Absentia"-turneen, då dei starta å jobbe med den danske fotografen og filmlagaren Lasse Hoille. Dette blei raskt eit varemerke under konsertane til Porcupine Tree.

Sjølv om bandet har platekontrakt med Roadrunner og Atlantic, har dei også sitt eige plateselskap, Transmission. Dette stifta dei i 2003, og nyttar det til konsertutgivingar og begrensa utgåver, primært for fansen. Porcupine Tree har og ei offisiell vevside dedikert til deira plater, tilfang, osb, nemleg Burning Shed.

Diskografi

endre

Porcupine Tree har så langt gitt ut ni studioalbum.

Studioalbum

endre
  • On the Sunday of Life (Juli 1991)
  • Up the Downstair (Mai 1993)
  • The Sky Moves Sideways (Februar 1995)
  • Signify (September 1996)
  • Stupid Dream (Mars 1999)
  • Lightbulb Sun (Mai 2000)
  • In Absentia (September 2002)
  • Deadwing (Mars 2005)
  • Fear of a Blank Planet (April 2007)
  • The Incident (2009)
  • Closure / Continuation (2022)

Kjelder

endre
  1. «The Dutch Progressive Rock Page». Henta 7. januar 2007. 

Bakgrunnsstoff

endre