Ein pork pie-hatt er ein hatt med flat topp som oppstod på 1800-talet og har vore knytt til ulike stilar, frå viktoriansk ungjentemote til jazz- og ska-musikarar. Hatte finst som strå- og filthatt. Namnet har han fått av di han liknar på ein type engelsk kjøttpai.

Pork pie-hatt i filt.
Pork pie-hat brukt under New York Fashion Week 2007 under moteoppvisinga til Miss Sixty.

Pork pie-hatten er låg, ofte med ein flat topp, og har smal brem. Moderne utgåver har ofte eit søkk langs kanten på toppen. Bremmen er som oftast bretta opp, nokre har han ned framme. Hatten er gjerne pynta med eit band, tidvis også med ting som fjører.

Filtversjonen av hatten kan minna om andre hattar som homburg, fedora eller trilby. Stråversjonen minner mykje om straw boater, ein flat stråhatt.

Historie

endre
 
Denne illustrasjonen i Punch frå 1860 syner både fasjonable kvinner og karikerte jødar i porkpiehattar.

Nemninga pork pie-hatt blei først brukt om runde, flatlege hattar frå 1850-talet fordi dei hadde ei form som kunne minna om ein engelsk svinepai, pork pie. Slike hattar var hovudsakleg på mote for unge kvinner og jenter i tida 1855-1865, då dei blei brukt ved uhøgtidelege høve, gjerne utandørs, til spaser- eller rideantrekk. Hattane sat framoverlent på hovudet, ofte i kombinasjon med hårnett, silkeband, blomar eller fjører, og var saman med pilleeskehattar eit noko vågalt alternativ til kyse.

På same tida blei pork pie-hattar av ei noko anna utforming – høge, sylindriske hattar med kort brem – brukt av menn, til dømes som soldatuniform. Det finst også satiriske omtalar av jødar med porkpiehatt.

 
Jazzartisten Marcus Miller med porkpiehatt.
Foto: Erinc Salor

Rundt byrjinga av 1900-talet fekk porkpiehatt ei ny tid som moteplagg, denne gongen først for menn, etterkvart også for kvinner. Han var særleg populær i tida 1920-1950, og var knytt til den namngjetne zoot suiten og til jazzkulturen. Den framståande musikaren Lester Young var mellom anna kjend for å bruka porkpiehat, og etter at han døydde skreiv Charles Mingus skreiv ein elegi tileigna han kalla «Goodbye Pork Pie Hat». Seinare gjekk hatten gradvis ut av bruk i lag med vestlege hovudplagg elles.

I Jamaica og Storbritannia blei porkpiehatt brukt i rude boy-miljøet knytt til skamusikk i 1960-åra, og påverka vidare mod- og skinhead-kulturane. Skamusikaren Laurel Aitken både brukte porkpiehatt og omtalte han i songane sine. Hatten blei på ny kjend gjennom gangsterfilmen The French Connection (1971), der Jimmy «Popeye» Doyle, spela av Gene Hackman, brukte ein porkpiehatt.

 
Nemninga pork pie hat blir også brukt om denne typen marinehatt.

I vår tid blir hattane framleis brukt som moteelement, særleg viss ein ønskjer ein viss blues-, jazz- eller skastil. Hattetypen er populær blant harediske jødar. Visse moderne militære hattetypar blir også kalla porkpiehatt.

 
Buster Keaton var kjend for å bruka pork pie-hatt.

Kjende brukarar

endre

Stumfilmkomikaren Buster Keaton gjorde hatten til eit varemerke, og laga sine eigne hattar til bruk i filmar og reklame. Andre som er kjende for å bruka pork pie-hatt er fysikaren Robert Oppenheimer, arkitekten Frank Lloyd Wright, saksofonisten Lester Young, som er minna gjennom songen «Goodbye Pork Pie Hat», og musikarane Lester Young, Laurel Aitken, Pete Doherty og Nick Baines (Kaiser Chiefs).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre