Port-Gentil
Port-Gentil er ein by i vestre delen av Gabon. Han er departementhovudstad i Bendje og provinshovudstad i Ogooué-Maritime. Port-Gentil er den vestlegaste byen i Gabon. Han ligg ved Atlanterhavet, og er den viktigaste hamnebyen i landet og eit viktig industrisenter. Ved folketeljinga i 2013 hadde byen 136 462 innbyggjarar, og var dermed den nest største byen i Gabon.[2] Folketalet i 2022 blei anslått til 200 000.[3]
Port-Gentil | |||
by | |||
Land | Gabon | ||
---|---|---|---|
Folketal | 136 462 (2013)[1] | ||
Port-Gentil 0°43′00″S 8°47′00″E / 0.71666666666667°S 8.7833333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Port-Gentil |
Byen blei kalla opp etter den franske kommandanten Émile Gentil i 1900. Etter den fyrste verdskrigen starta byen ein storstilt tømmereksport. Det blei bygd eit oljeraffineri her på 1960-talet, og sidan det er oppdaga olje utanfor kysten er også utskiping av olje ein viktig næringsveg.
Port-Gentil er kjent for strendene sine, fleire hotell og for Saint Louis-kyrkja. Teknisk sett ligg byen på ei øy, Lopez ved munningen til elva Ogooué.[3] Byen har ein eigen flyplass som knyter han både til hovudstaden Libreville og resten av verda.
Galleri
endre-
Hovudgate
-
Gate
-
Strand
-
Minnesmerke til femtiårsjubileum
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/gabon/cities/?cityid=941.
- ↑ Folketelling 2013 Arkivert 6. september 2011 på Wayback Machine.
- ↑ 3,0 3,1 Berg, Erik (2. mars 2024). «Port-Gentil». Store norske leksikon (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Port-Gentil» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2024.