Opna hovudmenyen

Port-aux-Français er ein forskingsstasjon på Kerguelen i Dei franske sørterritoria sør i Indiahavet og den einaste faste busettinga på øya. Stasjonen ligg ved Morbihanbukta og har kring 60 innbyggjarar kvar vinter. Om sommaren er det meir enn 120 personar her.

Port-aux-Français
stasjon
Port aux Français.JPG
Land Flag of France.svg Frankrike
Stad Kerguelen
 - koordinatar 49°21′S 70°13′E
Kerguelen-Location.JPG
Wikimedia Commons: Port-aux-Français Station

Stasjonen vart valt ut på grunn av den skjerma plasseringa som var høvande for ein rullebane som aldri vart bygt. Frå 1955 til 1957 ved hjelp av australsk utstyr, og eit fransk slakteselskap kalla Sidap, vart det bygd ein selfabrikk. Fabrikken opna etter det første bryllaupet på øyane, den 16. desember 1957. Fabrikken vart lagt ned i 1960 og utstyret sendt til Réunion i 2005.

OrganisasjonEndra

Port-aux-Français har ei grunn hamn og ein kai for lossing frå forsyningsskip. Stasjonen består mellom anna forskingslaboratorium (biologi, geofysikk), tekniske installasjonar (meteorologi, telekommunikasjon, satellittsporing og meir), og eit lite legesenter.

KlimaEndra

Hamna har subarktisk maritimt klima, liknande ReykjavíkIsland eller Kodiak i Alaska.

Klimadata for Port-aux-Français, Kerguelen
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 22.3 22.3 20.6 23 16.8 14.5 13.4 14.4 15.8 19.1 21.3 21.6 23
Normal maks. temp. °C 11.1 11.5 10.5 9 6.7 5.2 4.7 4.6 5.3 7 8.6 10.1 7,8
Døgnmiddeltemp. °C 7.8 8.2 7.3 6.1 4.2 2.8 2.2 2.1 2.5 3.9 5.3 6.8 4,9
Normal min. temp. °C 4.4 4.7 4.1 3.2 1.5 0.4 -0.3 -0.4 -0.2 0.7 2 3.4 1,9
Kulderekord °C -1.5 -1 -0.9 -2.7 -5.9 -8.3 -8 -7.3 -7.7 -5 -3.7 -1.2 -8,3
Nedbør (mm) 72.2 49.5 57.5 59.6 59.9 75.9 62.9 63.4 62.3 59.3 51.9 55.1 727
Kjelde: Weatherbase [1]

KjelderEndra

  1. «Weatherbase: Weather for Port-Aux-Francais, Dei franske sørterritoria». Weatherbase. 2011.  Henta 17. mars 2014