Port Waikato

Port Waikato er ein busetnad på sørbreidda til Waikatoelva der ho renn ut i Tasmanhavet, på vestkysten til NordøyaNew Zealand. Dette er no ein liten busetnad med eit folketal på under 300 menneske,[1][2] men staden var ei viktig hamn under Newzealandkrigane på 1800-talet. Hamna har eit handelshus som vart oppretta i 1893, ein restaurant, bibliotek, samfunnshus, brannstasjon, surfeklubb, båtklubb og ein aktiv fiskeklubb.

Port Waikato
Port Waikato NZ.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand

Port Waikato
37°23′10″ S 174°43′52″ E
Wikimedia Commons: Port Waikato

Port Waikato er ein kjend stad for surfing og fiske, og ein populær fritidsstad. Det kan fiskast frå klipper og frå stranda og utanfor sanddynene i elvemunningen. Flyndre og multefisk kan ein få rikeleg av med slepenot.

Like sør for byen ligg eindel særprega sandsteinsutløparar der ein del av scenene i filmtriologien Lord of the Rings vart tekne opp.

Nær byen vart det skipa ein leirskule i 1920-åra.

KjelderEndra

  1. Staden omfattar tre meshblock-einingar med folketala 51, 228 og 162 i 2013. «2013 Census map – QuickStats about a place». www.stats.govt.nz. Henta 5. juni 2016. 
  2. «Port Waikato». www.waikatodistrict.govt.nz. Henta 6. juni 2016. 

Koordinatar: 37°23′S 174°44′E

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.