Multefamilien
fiskefamilie
- «multe» omdirigerer hit. For bæret, sjå molte.
Multefamilien (Mugilidae) er ei gruppe strålefinnefiskar i ordenen Perciformes. Han omfattar rundt 80 artar, fleire av dei viktige matfiskar. Familien har kosmopolitisk utbreiing med fiskar i kyststrok både i tropiske og tempererte hav og ein del i ferskatn.
Multefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Overorden: | Mugilomorphae |
Orden: | Mugiliformes |
Familie: | Multefamilien Mugilidae Cuvier, 1829 |
Multar har lakseliknande kropp, store skjel og liten munn. Dei har to korte ryggfinnar, den fremste med fire piggstråler.[1]
Dei er stimfiskar som lever av algar, kiselalgar og detritus. Multar er utbreidde i alle tropiske og tempererte hav, og tre artar finst i norske farvatn. Dei lever hovudsakleg i kystfarvatn og brakkvatn, men nokre vandrar opp i ferskvatn. Liza abu er stasjonær i ferskvatn.
Nokre artar
endre- tjukkleppa multe (ganske vanleg i Sør-Noreg)
- gullmulte (sjeldan gjest i Noreg)
- tynnleppa multe (sjeldan gjest i Noreg)
- springmulte
- ekte multe
- leppemulte
- Liza abu
- Liza haematocheila
Kjelder
endre- ↑ «multer» (30. november 2012) i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Multer» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2017.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Family Mugilidae - Mullets, FishBase, henta 17. juli 2014
- Nelson, Joseph S. (2006). Fishes of the World (4 utg.). ISBN 0-471-25031-7.
- Pethon, Per (2005). Aschehougs store fiskebok (5 utg.). ISBN 82-03-23247-7.
- Thomson, J.M. (1997). «The Mugilidae of the world». Memoirs of the Queensland Museum 41 (3): 457–562. ISSN 0079-8835.
- Wainwright, Peter C. m.fl. (2012). «The evolution of pharyngognathy: a phylogenetic and functional appraisal of the pharyngeal jaw key innovation in labroid fishes and beyond». Syst. Biol. 61 (6): 1001–1027. ISSN 1076-836X. doi:10.1093/sysbio/sys060.