Opna hovudmenyen
Positively 4th Street
Singel av Bob Dylan
B-side «From a Buick 6»
Utgjeve 7. september 1965
Innspelt 29. juli 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:54
Selskap Columbia 43389
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«Like a Rolling Stone»
(1965)
Positively 4th Street «Can You Please Crawl Out Your Window?»
(1965)


«Positively 4th Street» er ein song skriven og framført av Bob Dylan, først innspelt av Dylan i New York City den 29. juli 1965.[1] Han vart gjeven ut som singel av Columbia Records den 7. september same år og nådde førsteplassen i Canada, 7. plass i USA og 8. plass i Storbritannia.[2][3][4] Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 203. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[5]

Songen vart gjeven ut mellom albuma Highway 61 Revisited og Blonde On Blonde, som ein oppfølgjar til hitsingelen «Like a Rolling Stone», men var ikkje med på nokre av desse albuma. Tittelen på songen finst ikkje i teksten og det har vore mykje debatt gjennom åra kven songen omhandlar. Dylan sjølv budde på 4th Street på Manhattan.[6]

Innspeling og utgjevingEndra

Det endelege opptaket av «Positively 4th Street» vart spelt inn 29. juli 1965 i innspelingsperioden då dei fleste av songane til Highway 61 Revisited vart spelte inn.[7] Songen var den siste dei spelte inn denne dagen etter å ha gjort ferdig songane «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry» og «Tombstone Blues».[1][8] Musikarane på «Positively 4th Street» var Robert Gregg (trommer), Russ Savakus (bass), Frank Owens (piano), Al Kooper (orgel) og Mike Bloomfield (gitar),[9]. Songen vart nedskrive i studiologgane som «Black Dalli Rue».[10]

Sjølv om songen vart spelt inn under innspelinga av Highway 61 Revisited vart han halde av for singelutgjeving. Singelen nådde Topp 10 på salslistene på begge sider av Atlanteren.[4]

Andre utgåverEndra

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Johnny Rivers, The Byrds, Jerry Garcia Band, Lucinda Williams, Charly García, Stereophonics, Violent Femmes, Simply Red og Bryan Ferry.

Norsk versjonEndra

Ein norsk versjon kalla «Akersgata rett og slett» vart skriven av Håvard Rem og spelt inn av Åge Aleksandersen i 1997 for Fredløs - Dylan på norsk.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Williams, Paul. (1991). Bob Dylan Performing Artist: Book One 1960 - 1973. Xanadu Publications Ltd. s. 158–159. ISBN 1-85480-044-2. 
  2. «Mono 7" Singles & EPs: 1965 - Positively 4th Street». Searching For A Gem. Henta 5. mars 2010. 
  3. Williams, Paul. (1991). Bob Dylan Performing Artist: Book One 1960 - 1973. Xanadu Publications Ltd. s. 289. ISBN 1-85480-044-2. 
  4. 4,0 4,1 «Bob Dylan chart data». Ultimate Music Database. Henta 5. mars 2010. 
  5. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». Henta 5. mars 2010. 
  6. «Positively 4th Street review». Allmusic. Henta 5. mars 2010. 
  7. Heylin, Clinton. (1991). Dylan: Behind The Shades - The Biography. Viking Penguin. s. 506. ISBN 0-670-83602-8. 
  8. «Something Is Happening: Bob Dylan 1965» (PDF). I Happen To Be A Swede Myself. s. 11. Henta 5. mars 2010. 
  9. «Still On The Road: The 1965 Sessions» (PDF). I Happen To Be A Swede Myself. s. 41. Henta 5. mars 2010. 
  10. «Positively 4th Street». Bob Dylan: EDLIS - Things Twice. Henta 5. mars 2010. 

BakgrunnsstoffEndra