Potetopptakar er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å hausta potet. Dei fyrste potetopptakarane vart dregne av hestar, men moderne opptakarar er traktorreiskap.

Belteopptakar for traktor (Amac AXL2) i Kortgene i Nederland.

Typar endre

Det finst mange ulike typar potetopptakarar.

Kastehjulopptaker endre

 
Kastehjulsopptaker (Wärtsilä) for hest.

Den eldste typen er kastehjulopptakaren, som var hestedregen. Han vart utvikla av Hanson and Coleman i Storbritannia i 1852[treng kjelde]. Kastehjulet vart drive rundt av det eine hjulet på maskina. Dei fyrste potetopptakarane for traktor var òg av denne typen, med drift frå kraftuttaket. Han har eit eit skjer som går under potetknollane og løftar dei litt opp, før ein roterande aksling med tinnar tek tak i dei og kastar jord og potet 2—3 m til den eine sida[1]. Potetane vert så plukka for hand. Nokre opptakarar av denne typen har ein duk som heng ned litt ut frå kastehjulet, for at poteten skal verta liggande meir samle. Metoden er difor arbeidskrevjande, men samanlikna med å nytta potethakke sparar ein likevel arbeid. Kastehjulopptakar kan føra til noko skade på poteten.

Belteopptakar endre

 
Ein enkelrands belteopptakar (AVR Spirit 4100), med sorteringsplattform, i arbeid.

Denne typen har skjer som går under potetknollane og fører dei opp på eit transportbelte[1]. Beltet, som er glissent, vert rista, slik at jord og stein dett gjennom når det er i rørsle. Dei fyrste belteopptakarane la potetane på marka, slik at dei måtte plukkast for hand. Moderne belteopptakarar fører potetane opp i ein kasse eller oppsamlingstank, eller via eit anna transportbelte over i ein tilhengar dregen av ein annan traktor som køyrer attmed. Nokre belteopptakarar har ei plattform der ein kan stå og plukka ut stein og anna rusk, eller sortera potetane. Det vert produsert både enkelt- og torads-belteopptakarar.

Små belteopptakar kan vera monterte i trepunktsopphenget, medan større maskinar er slepereiskap. Underhaug fabrikkJæren produserte i mange år trepunktsmonterte belteopptakarar, der potetane vert samla opp i store trekassar. Belta på maskinane vert drivne frå kraftuttaket på traktoren. Det er ofte vått og dårleg framkomlegheit under potethausting, så nokre maskiner av denne typen har hydrostatisk drift på hjula.

Sjølvgåande opptakarar endre

Sjølvgåande potetopptakarar er mynta på store bruk, eller entreprenørar. Dei kan hausta frå ei til fire renner i gongen. Dei er i grove trekk oppbygde på same måte som belteopptakarar for traktor, men har større kapasitet. Dei har ofte ei plattform for ein eller fleire personar som plukkar ut stein og rusk. Ofte er dei utstyrte med innebygd førarhus, om lag som på ein skurtreskjar. For at slike maskinar skal vera lønsame, krevst det store areal.

Galleri endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996