Poulan
Poulan er eit merkenamn som høyrer til det svenske føretaket Husqvarna. Namnet vert nytta på produkt som motorsager, små snøfresarar og hagebruksreiskap som minitraktorar, grasklypparar og grastrimmarar.
Soge
endreFøretaket vart starta av Clade Poulan, rett etter 2. verdskrig[1]. Den fyrste Poulan-saga var ei tomannssag, med bogesverd og ein motor som var meint for å driva generatorar. Ho vart produsert i Shreveport i Louisiana i USA og kom på marknaden i 1946. Seinare tok Poulan til å produsera einmannssager, både med boge- og med vanlege sverd.
I 1959 gjekk Poulan saman med J.B. Beaird Company, til Beaird-Poulan. Føretaket gjekk bra ei tid, men i 1973 vart det seld til Emerson Electric og lagt saman med Weed-Eater til Poular/Weed-Eater. Dette føretaket vart så seld til Electrolux i 1978[1]. Då Husqvarna vart skild ut som eige føretak i 2006 vart Poulan eit dotterselskap under Husqvarna, og vert i dag nytta som eit varemerke.