Poved (russisk По́ведь) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 99 km lang og har eit nedslagsfelt på 742,7 km². Elva har ei middelvassføring på 5,2 m³/s.

Poved
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 742,7 km²
Lengd 99 km
Middelvassføring 5,2 /s
Munning Volga
Kart
Poved
57°13′26″N 33°52′00″E / 57.223916666667°N 33.866555555556°E / 57.223916666667; 33.866555555556

Poved spring ut frå myrområde ved Tsninskojåsane i utkanten av Valdajhøgdene. Kjelda hennar er særs nær vasskiljet mellom Kaspihavet (Volga) og Austersjøen, sidan kjelda til Tsna som renn mot Austersjøen ligg like ved.

Elva vert nytta til rafting.

Kjelder

endre