Powellitt
Powellitt er eit gråleg til gult mineral, eit kalsiummolybdat, CaMoO4, med tetragonal symmetri. Det dannar ein blandingsserie med det tilsvarande wolframatet, scheelitt. Mineralet har ein sterk gul fluorescens.
Powellitt | |||
Honninggul powellitt krystall med fargelause nålar av scolecitt frå Yeola i Nasik i Maharashtra i India (storleik: 108 x 75 mm, 272 g) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Molybdatmineral | ||
Kjemisk formel | CaMoO4 | ||
Strunz-klassifisering | 07.GA.05 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 200.02 g | ||
Farge | Gul, brun, blå, svart | ||
Krystallform | Massivtil grovt krystallline | ||
Krystallsystem | Tetragonal - dipyramidal | ||
Kløyv | tydeleg på [111] | ||
Brot | Muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 3.5-4 | ||
Glans | Diamantaktig | ||
Strekfarge | lysegul | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Tettleik | 4.25 g/cm3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.974 nε = 1.984 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.010 | ||
Ultrafiolett fluorescens | Fluorescerer lys gul under kortbølgja ultrafiolett lys, dimmare under langbølgja | ||
Kjelder | [1][2] |
Powellitt vart først skildra av William Harlow Melville i 1891 frå Peacockgruva i Adams County i Idaho og kalla opp etter den amerikanske oppdagaren og geologen John Wesley Powell (1834–1902).
I Noreg er det funne sekundært etter molybdenitt på førekomstar i Telemark.
Kjelder
endre- Powellitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/powellitt.