Scheelitt
Scheelitt er eit oftast grått, gulkvitt eller brunt mineral og ein viktig wolfram-malm. Kjemisk sett er det eit kalsiumwolframat, CaWO4 som krystalliserer tetragonalt. Det er særs tungt og tettleiken er kring 6 g/cm3. Det fluorescerer kraftig i ultrafiolett ljos, frå blåkvitt for rein scheelitt til sterkt gult med aukande molybdeninnhald (isomorf blandbarheit med powellitt, CaMoO4).
Scheelitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Wolframatmineral | ||
Kjemisk formel | CaWO4 | ||
Strunz-klassifisering | 07.GA.05 | ||
Krystallsymmetri | Tetragonal 4/m | ||
Einingscelle | a = 5.2429(3) Å, c = 11.3737(6) Å; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit, grå, brun, bleik gul, guloransje, bleik tonar av oransje, raud, grøn; kan vere stripete | ||
Krystallform | Pseudo-åttesidig, massive, skiveforma, korna | ||
Krystallsystem | Tetragonal - Dipyramidal | ||
Tvilling | Vanleg, penetrerings- og kontakttvillingar, komposisjonsplane {110} eller {001} | ||
Kløyv | på {101}, tydeleg; på {112}, forstyrra; på {001}, utydeleg | ||
Brot | Undermuslig til ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 4.5-5 | ||
Glans | glasaktig til adamantin | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 5.9–6.1 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.918 - 1.921 nε = 1.935 - 1.938 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.017 | ||
Pleokroisme | Avgjort dikorisk i gul (gul til oransje-brun) | ||
Smeltbarheit | Med vanskar | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i syrer | ||
Andre eigenskapar | fluorescens under kortbølgja UV er lyseblå, blåkvit til gul. Prøvar med meir molybden fluorescer kvit til gul, liknande powellitt. Stundom raud fluorescens under mellombølgje UV. | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Scheelitt vart først skildra i 1781 etter ein førekomst i Bispbergs klack i Säter i Dalarna i Sverige, og kalla opp etter Carl Wilhelm Scheele (1742–1786).[2]
I Noreg er det kjent frå mellom anna Ørsdalen i Bjerkreim (saman med wolframitt) der det tidlegare var gruvedrift og frå einskilde molybdenittførekomstar. Mineralet er dessutan ganske utbreidd i kontaktsonene til Oslofeltet (Skreia, Grua, Eikeren). Spesielt store krystall er kjent frå Korea og Kina.
Kjelder
endre- Scheelitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/scheelitt.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/scheelite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ 2,0 2,1 http://www.mindat.org/min-3560.html Mindat.org
- ↑ http://webmineral.com/data/Scheelite.shtml Webmineral data
- ↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Manual of Mineralogi, Wiley, 20th ed., 1985, p. 356 ISBN 0-471-80580-7