Preben Elkjær

dansk fotballspelar

Preben Elkjær Larsen (fødd 11. september 1957) er ein dansk tidlegare fotballspelar (angripar). Mellom 1977 og -88 skåra han heile 38 mål på 69 landskampar for Danmark. Han var sentral då Hellas Verona vart italiensk seriemeister i 1985.

Preben Elkjær
Elkjær i juni 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Preben Elkjær Larsen
Fødd 11. september 1957 (66 år)
Fødestad København i Danmark
Høgd 182 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1976 Vanløse 15 (7)
1977–1978 Köln 9 (1)
1978–1984 Lokeren 190 (98)
1984–1988 Verona 91 (32)
1988–1990 Vejle 39 (12)
Totalt 333 (143)
Landslag
1975–1976 Danmark U-19 11 (6)
1976–1979 Danmark U-21 9 (9)
1977–1988 Danmark 69 (38)
Trenar for
1995-1996 Silkeborg
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Elkjær debuterte med Frederiksberg Boldklub, gjekk deretter til Vanløse Idrætsforening. Knapt 19 år gamal signerte han med den tyske toppklubben FC Köln. Etter eit lite vellukka opphald i Vest-Tyskland vart han i 1978 overført til Lokeren i Belgia. Etter innsatsen under EM i fotball 1984 vart han overført til den italienske Serie A-klubben Verona. I Verona var Elkjær ein nøkkelfigur bak klubbens overraskande italienske meisterskap i 1985. Frå 1988 til han la opp i 1990 spelte han for Vejle Boldklub]. Der avslutta han karrieren med raudt kort i sin siste kamp.

Landslagsspel endre

Preben Elkjær debuterte på Danmark sitt fotballandslag den 27. juni 1977. Han viste då kor målfarleg han kunne vere, skåra begge dei danske måla i 2-1 sigeren over Finland i Helsingfors. I 1978 skåra han i sin andre landskamp sigersmålet då det vart 2-1 over Noreg på bortebane, kort etter å ha vorte bytta inn. Sidan var han fast på landslaget.

Elkjær var ein av dei viktigaste spelarane då det danske landslaget for fyrste gong kvalifiserte seg til eit internasjonalt meisterskap. I 1983 stod han for den fyrste nettkjenninga i bortekampen mot Hellas, der ein 2-0-siger sikra Danmark deltaking ved EM 1984 i Frankrike.

Meisterskapen vart Elkjærs internasjonale gjennombrot. Han skåra mot Jugoslavia og vart matchvinnar i 3-2-kampen mot Belgia. I semifinalen mot Spania sende han, i straffesparktevlinga, Danmarks femte og siste straffe over mål. Spanias siste straffe-eksekutør bomma ikkje og sende Danmark ut av turneringa.

Preben Elkjær var ein av dei beste midtspissane i verda midt på 1980-talet. Han imponerte på landslaget med klassespel gjennom kvalifiseringa til VM i Mexico i 1986. Især 4-2-sigeren over Sovjetunionen den 5. juni 1985, der Elkjær og Michael Laudrup begge stod for to danske mål, står som eit av høgdepunkta i landslagskarriera. I VM vart Elkjær ein av dei store profilane. Han skåra fire mål, tre av dei i 6-1-sigeren over Uruguay.

Elkjær deltok også på det danske landslaget under EM i 1988, der han korkje skåra eller imponerte spelemessig. Den danske innsatsen i meisterskapen varsla eit generasjonsskifte i laget. 0-2-nederlaget mot Vest-Tyskland i EM vart Elkjærs siste landskamp.

Han spelte 69 A-landskampar for Danmark og skåra 38 mål.

Etterrakst endre

Etter han la opp som fotballspelar var Elkjær kortvarig trenar hos Silkeborg IF. Seinare kjøpte han seg inn i B 93.

I seinare år har Elkjær kommentert fotball på fjernsyn.