President Harbitz' gate

(Omdirigert frå President Harbitz’ gate)

President Harbitz' gate er ei gate på UranienborgFrogner[1] og Briskeby i Oslo. Ho byrjar i Skovveien og går i nordvestleg retning før ho endar i Eilert Sundts gate. Delar av gata er einvegsskøyrd i motsett retning.

President Harbitz' gate
veg
President Harbitz' gate ved nr 2.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Distrikt Bydel Frogner

President Harbitz' gate
59°55′13″ N 10°42′57″ E
Wikimedia Commons: President Harbitz' gate
Sett frå Eilert Sundts gate

Gata har namn etter stortingspresident Georg Prahl Harbitz. Ho fekk namnet «Harbitz' gate» i 1891, før dette blei endra til den noverande namneforma i 1952.[2] Opparbeidinga skjedde stykkevis og delt. Vestre del av gateløpet går gjennom sørlege del av Briskeby, der det tidlegare var trehusbusetnad.[3] Noko av denne blei riven i 1930-åra for å gje plass til den store blokka på oversida av vegen.

BygningarEndra

Nr Bilete Skildring
1   Bygard (ark. Carl Konopka) byggemeld i 1894 for J. Hansen. Fire etasjar med pussa fasade.[4]
2   Bygard (ark. Carl Konopka) byggemeld i 1894 for Carl og Søren Pedersen. Fire etasjar med pussa fasade.
3   Vinkelforma bygning i tre etasjar og taketasje. Oppført 1908 ved arkitekt Henrik Nissen, fasade med rappa tegl. Bygningen tilhøyrde tidlegare Frogner vidaregåande skule, og er sidan 1991 ein del av Hartvig Nissens skule.[5]
4   Villa Klevstuen. Murvilla i nyrenessanse oppført 1904 ved arkitekt Peter Lauritz Lowzow. Under andre verdskrig var bygningen brukt av okkupasjonsmakta som innkvartering og kasino for tyske marineoffiserar. Restauranten Le Canard heldt til her frå 1991. Etter omfattande oppussing opna restaurant Sawan her i 2012.
5   På den tidlegare tomta for Briskebyveien 34 blei det i 1931 oppført to blokker, der den eine har adresse President Harbitz' gate 5. Arkitektar: Torp & Torp.[6]
16   Tomannsbustad (ark. Carl Konopka) oppført 1889 for E. Olsen. Enkel sveitsarstil med tverrgavl i den eine enden av bygningen. Omregulert frå Eilert Sundts gate 9f.
18   Bygning oppført som villa for direktør Fredrik Stand Heffermehl i 1914 ved arkitekt Arnstein Arneberg. Seinare pensjonat og restaurant, frå 2007 på- og ombygga til leilegheiter.
19   Denne tomta blei omregulert frå Briskebyveien 36 ca. 1900.[7] Noverande leigegard (på hjørnet mot Holtegata) blei teikna av Ferdinand Linthoe og oppført for han sjølv og Johannes Larsen Narvestad i 1899–1900. Tre etasjar blei auka til fire i 1980-årane og loftsetasjen utbygga 1991. Den antroposofiske Vidarlosjen heldt til her frå 1911.
20   Stor, frittliggende leigegard (ark. Carl Aaman) oppført 1890 for Edwin Pedersen.
21   Bustadsblokk oppført i 1967 ved arkitektane Georg Greve og Geir Grung. Armert betong med open underetasje.
22   Villa (ark. Kristen Rivertz) oppført 1892 for kaptein Severin Andreas Heyerdahl Paus.[8] Ombygga 1922 og med garasje frå 1927.
23   Leigegard (ark. Oscar Dehkes) oppført 1898 for Johannes Narvestad. Fire etasjar med pussa fasade.
23c   Panelt tømmerhus på to etasjar oppført ca. 1870. Bygningen er no disponert av Oslo Malarklubb/Galleri OMK.
24   Horisontaldelt tomannsbustad (ark. Carl Konopka) oppført 1888 for E. Olsen. 2 1/2 etasjar med asymmetrisk plassert tverrgavl. Omregulert frå EIlert Sundts gate 9b.
25 og 27   Utgjer saman med Løvenskiolds gate 25–27 ei samanhengande husrekke teikna av Ragnar Dahl og oppført 1935–36. Fem til sju etasjar.

KjelderEndra

  1. «Oslo kommune – Bydelsoversikt (P)». Oslo kommune. Arkivert frå originalen 2014-07-29. Henta 22. august 2015. 
  2. Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 453. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  3. Kart fra 1900 hos Oslo byarkiv.
  4. Arkitektur og historie i Oslo
  5. Bruun, Ole Daniel (1999). Arkitektur i Oslo. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 94. ISBN 82-573-0948-6. 
  6. Oslo gårdkalender, s. 137.
  7. Ho er rekna til Harbitz' gate i folketeljinga i 1900, men garden er markert som Briskebyveien 36 på eit kart frå 1900 hjå Byantikvaren i Oslo.
  8. Jf. folketelling 1885

LitteraturEndra

  • Joar Nyquist og P.D. Hofflund, red. (1955). Oslo gårdkalender: Nybygg 1925–1955. Oslo: Fredhøi.