Prešov

(Omdirigert frå Presov)

Prešov er ein by aust i Slovakia. Han er sete i Prešov kraj og har om lag 90 000 innbyggjarar, som gjer han til den tredje største i landet.

Prešov
Sentrum i Prešov
Sentrum i Prešov
Sentrum i Prešov
Flagget til Prešov Byvåpenet til Prešov
Flagget til Prešov Byvåpenet til Prešov


Plassering
Prešov is located in Slovakia
Styresmakter
Land  Slovakia
Kraj Prešov kraj
Først nemnt i 1247
Borgarmeister Pavel Hagyari
Geografi
Flatevidd
 - By

70,40 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

91 650
  1 301,8 /km²
Koordinatar 49°00′06″N 21°14′22″E / 49.00167°N 21.23944°E / 49.00167; 21.23944
Høgd over havet 250 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 080 01
Retningsnummer (tlf) +421-51
Bilnummer PO
Nettstad: www.presov.sk

Historie endre

Området rundt Prešov har vore busett sidan steinalderen. Dei eldste verktøya og mammutbeina som er funne er 28 000 år gamle. Dagens busetnad har spor tilbake til 700-talet.

Mot slutten av 1000-talet hadde byen vorte ein del av Kongedømet Ungarn og ungarske soldatar slo seg ned i byen. I fløgje ei segn vart byen grunnlagd i 1132 av kongen av Ungarn, Blinde Béla[1] og kalla opp etter jordbærplanter i nærleiken.[2] På 1200-talet flytta mange tyskarar til Prešov frå Szepes etter mongolinvasjonen i 1241. Dei første skriftlege kjeldene som nemner Prešov går tilbake til 1247 i eit dokument frå kong Béla IV, då han vart nemnd som Epuries. På denne tida var han ein landsby som høyrte til den nærliggande Šariš-borga.[3] I 1299 fekk Prešov kommunstatus frå Andreas III og i 1374 vart han erklært ein fri kongeleg by. Dette førte til at handverket og handelen (særleg eksport av vin frå Tisza-regionen til Polen) tok seg opp. På 1400-talet vart Prešov med i Pentapolitana, ein allianse på fem byar aust i Slovakia (Bardejov, Levoča, Košice, Prešov og Sabinov).

 
Elvebreidda til Torysa i Prešov

Den første skulen ein veit om i byen daterer seg frå 1429. I 1572 vart det starta utgraving av salt i Solivar (då ein nærliggande by som i dag er ein del av Prešov). Sidan Prešov vart stadig viktigare vart han i 1647 sete i grevskapet Šariš.

I 1667 vart det viktige Evangeliske lutherske gymnaset i Prešov grunnlagd av lutheranarane i byen. I 1687 vart 24 prominente borgarar og adelsmenn avretta for å ha støtta opprøret til Imre Thököly.

På byrjinga av 1700-talet gjorde byllepest og bybrannar store innhogg i folketalet, og det var til slutt berre 2000 att. Byen kom seg att på andre halvdel av 1700-talet, og handelen og handverket auka igjen. Det vart òg bygd nye fabrikkar på denne tida. I 1752 fløymde saltgruva i Solivar over. Sidan den gong har ein produsert salt frå gruva ved å koke saltlaken.

I 1870 kom den første jernbanelinja til byen frå Košice. Mot slutten av 1800-talet hadde byen elektrisitet, telefon, telegraf og kloakkanlegg. I 1887 øydela ein brann store delar av byen. I 1918 vart Prešov ein del av det nye Tsjekkoslovakia. Under den andre verdskrigen vart den nærliggande byen Košice igjen ein del av Ungarn som følgje av den første Wien-prisen. Dette førte til at mange institusjonar vart flytta frå Košice til Prešov, og han vart slik viktigare. I 1944 opna eit profesjonelt slovakisk teater i Prešov.

I kommunisttida etter 1948 vart Prešov eit industrisenter, og folketalet auka raskt frå 28 000 i 1950 til 52 000 i 1970 og 91 000 i 1990.

Kjelder endre

  1. «Eperjes (Prešov, Eperies Sk)». Protestáns Honlap. 
  2. Tibor Horváth, "Szlovákia", s. 140 (ungarsk)
  3. «Prešov - Prior to The Grant of The City privileges». City of Prešov. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre