Pridefestival
Pridefestival eller prideparade er arrangement knytt til aksept og respekt for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT) og kulturen deira. «Pride» viser til «gay pride», eit omgrep som viser til at «skeive» personar skal kunne vera stolte av det dei er heller enn å skjemmast eller skjula seg. Dei kan ha ulike fokus, som aktivisme for betre aksept eller fleire rettar, eller som ei feiring av LHBT-kultur.
Pride-arrangement blir haldne ei rekkje stader i verda. Ofte går dei føre seg i slutten av juni, til minne om Stonewall-opprøret i New York 28. juni 1969. Arrangementa kan delvis ha preg av demonstrasjonar og delvis av karneval med outrerte utkledingar. Viktige symbol er den greske bokstaven lambda (λ), regnbogeflagg, svarte eller rosa triangel eller fargar som minnar om desse.
Nokre viktige pridefestivalar er World Pride, Pride Week i New York, San Francisco Pride, São Paulo-paraden, Sydney Mardi Gras, EuroPride, Berlin Pride, Cologne Pride og i Noreg Oslo Pride.
Kjelder
endre- «EuroPride Oslo 2014», visitoslo.com
- «THIS IS OUR PRIDE», europride2014.com
- Nick Duffy, «US: More than a million people to attend New York Pride parade», pinknews.co.uk (29th June 2014)
- Denne artikkelen bygger på «Pride parade» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2014.