Fyrstefødselsrett

(Omdirigert frå Primogenitur)

Fyrstefødselsrett, førstefødselsrett eller primogenitur er ein rett som tilkjem ein fyrstefødd,[1] ofte ein førstefødd son. Dette kan vera fortrinnsrett til ein tittel, arv eller arvefølgje.

Ordet «primogenitur» kjem frå fransk primogeniture og direkte frå mellomelalderlatin primogenitura, frå seinlatin primogenitus, 'fyrstefødde'.[2]

Omgrepa fyrstefødselsrett og primogenitur er i seg sjølv kjønnsnøytrale, men historisk har primogeniture arvesystem i tillegg svært ofte vore agnatiske, det vil seia at berre menn kunne arva. Eit slikt system som er både agnatisk og primogeniturt blir kalla agnatisk-primogeniturt eller mannleg-primogeniturt, og inneber at den eldste sonen alltid har prioritet, etterfølgd av sin eigen eldste son osb. Dersom den eldste sonen ikkje har søner sjølv vil ein eventuell yngre bror og deretter sønene hans ha prioritet.

Hensikta med eit primogeniturt arvesystem er å hindra oppdeling av eigedommane til ei slekt ved å halda hovuddelen av verdiane på ei hand. Arvesystemet gjeld dessuten gjerne titlar, særleg fyrstelege og høygare adelstitlar har som regel agnatisk-primogenitur arvefølgje.

Historie og kultur endre

Fyrstefødselsrett er kjend frå Det gamle testamente, der han blit uttrykt i rivaliseringa mellom Esau og Jakob over arven etter Isak. I denne soga gjev Esau frå seg fyrstefødselretten for eit måltid suppe.[3] Det var også dei viktige førstefødde som blei råka av den 10. landeplaga i Egypt.[4]

Fyrstefødselrett i Noreg endre

Den norske tronfølgja er primogenitur. Ho var mannleg-primogenitur fram til 1990, i tillegg til at dei mannleg-primogeniture arvereglane også gjeld for personar føddde før 1990. Dermed fekk den eldste sonen til kong Harald, Haakon Magnus, framleis arverett til torna framfor storesyster si, Märtha Louise. Etter dei nye reglane er eldstedotter hans, Ingrid Alexandra av Noreg, den neste i tronfølgja.

Odelsretten går også som regel til eldre sysken og etterkomarane deira bortsett frå i høve der dette «ville vere klårt urimeleg» (§ 21). Blant de odelsberettigede går eldre søsken og deres etterkommere foran yngre, men odelsloven åpner mulighet for å hindre at den eldre løser fra den yngre hvor dette «ville vere klårt urimeleg».[5] Odelsloven frå 1974 innførte kjønnslikestilling for odelsretten, før hadde han gått til menn framfor kvinner.[6]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «førstefødselsrett» i Nynorskordboka.
  2. «primogeniture (n.)», Online Etymology Dictionary
  3. «Esau og Jakob. To tvillingbrødre, én velsignelse», Skoletorget
  4. «Moses. De ti landeplager», Skoletorget
  5. Odelsloven av 28. juni 1974, § 21)
  6. Falkanger, Thor (24. februar 2020). «odelsrett». Store norske leksikon (på norsk bokmål).