Prison av Natalia Gordienko

«Prison»
Song av Natalia Gordienko
Land Moldova
Språk Engelsk
Utgjeve 30. januar 2020
Sjanger Pop
Lengd 02:57
Selskap K2ID Productions
Komponist Filipp Kirkorov
Tekstforfattar Filipp Kirkorov
Låtskrivar(ar) Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos, Filipp Kirkorov

«Prison» (norsk 'fengsel') er ein song frå 2020 som vert framført av den moldovske songaren Natalia Gordienko. Songen vann den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa 2020 og skulle ha vore det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] Songen er skriven av Dimitris Kontopoulos, Filipp Kirkorov og Sharon Vaughn, og vart utgjeven 30. januar 2020.[3]

Eurovision Song Contest

endre

«Prison» vert framført av Natalia Gordienko og deltok i den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa, som vart arrangert laurdag 29. februar 2020. Vinnaren av tevlinga får representere landet i Eurovision Song Contest. «Prison» vann tevlinga etter å ha motteke flest poeng frå jurygruppa og TV-sjåarane. Songen skulle dimed ha representert Moldova i Eurovision Song Contest.[4] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Moldova var trekt til å delta i den andre semifinale, som skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai.

Kjelder

endre
  1. «🇲🇩 Natalia Gordienko to represent Moldova in Eurovision 2020!» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «‎Prison by Natalia Gordienko» (på engelsk). Henta 2. mars 2020. 
  4. «Moldova: Natalia Gordienco wins Finala nationala 2020 with "Prison"» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.