Natalia Gordienko

moldovsk songar

Natalia Gordienko (fødd 11. desember 1987) er ein moldovsk songar, influensar og tv-programleiar. Saman med Arsenie Todiraș representerte ho Moldova i Eurovision Song Contest 2006, med songen «Loca». I 2020 skulle Gordienko ha representert Moldova for andre gong, med songen «Prison», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden skal ho representere Moldova i tevlinga i 2021, med songen «Sugar».[2]

Natalia Gordienko

Fødd11. desember 1987 (37 år)
FødestadChişinău
OpphavMoldova
Aktiv2005–
Sjangerpop, moderne R&B, folkeminne
Instrumentpiano, vokal
Verka somsongar, dansar, musikar, skodespelar

Bakgrunn

endre

Gordienko vart fødd i Chișinău, hovudstaden i Moldova, 11. desember 1987. Ho har ukrainsk opphav. Som barn song ho i sitt lokale skolekor og fekk pianoundervising på musikkskole. Seinare dansa ho i danseensemblet til skulen i ti år, og som 15-åring deltok ho i sin første lokale songtevling. Gordienko studerte seinare popjazz ved Academia dei Muzica Teatry si Arta Plastice (AMTAP).[3]

Musikkarriere og Eurovision Song Contest

endre

I 2005 vart Gordienko vokalist i bandet Millennium, og same år kom bandet på tredjeplass i O melodie pentru Europa – den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest – med songen «Tablou pe sticlǎ». Like etter vart Millennium invitert til å deltake i Cerbul de Aur 2005, ei internasjonal songtevling i nabolandet Romania.

I 2006 representerte Gordienko Moldova i Eurovision Song Contest saman med Arsenium og Connect-R med songen «Loca» (galen). Songen fekk 22 poeng og enda som nummer 20 av 24 i finalen. Same år enda ho på andreplass i den internasjonale musikktevlinga Slavianski Bazaar og vart den meste kjende songaren i landet. Året etter vant ho fyrstepremie under New Wave Competition i Jurmala og vant seinare gull i vokal-kategorien under World Championships of Performing Arts i Los Angeles.[3][4] Same året mottok Gordienko utmerkinga Æresartist av Moldova.

Trass at ho ikkje hadde nokon DJ-røynsle sjølv, starta Gordienko DJ Star project i 2009. Ho deltok sjølv, og vann førstepris i si eiga tevlinga.[4] Ho slapp debutalbumet Tima i 2010 og oppfølgjaralbumet Cununa de flori i 2011. I 2015 slapp ho singelen «Summertime» på Fly Records.[5]

Gordienko deltok på ny 29. februar 2020 i O melodie pentru Europa den 29. februar 2020, med songen «Prison». Vinnaren av tevlinga får representere landet i Eurovision Song Contest. «Prison» var favoritt hos både juryen og tv-sjåarane, og vann tevlinga.[6][7] Gordienko skulle dimed ha representert Moldova i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[8] I staden inviterte den moldovske kringskastaren TRM Gordienko til å representere Moldova i Eurovision Song Contest i 2021.[9]

Tevlingar

endre
  • Nasjonal songtevling på den nasjonale radiokanalen Radio Moldova i 2003 – andreplass
  • Nasjonal tevling – Stjerna av Chisinau i 2003 – fyrstepremie
  • Nasjonal tevling – Miss Teenager i 2004
  • Internasjonal tevling – Rainbow Star sin i Jurmala i Latvia i 2003
  • Internasjonal tevling – Sevastopol-Ialta i Ukraina i 2004 – fyrsteplass
  • Internasjonal tevling – Delfice Game sitt i 2004 – fyrsteplass
  • Internasjonal konkurranse – Heart of Two Twins i 2004 – fyrsteplass
  • Internasjonal tevling – Songs of the World i 2005 – fyrsteplass
  • Eurovision Song Contest 2006 – nummer 20 av 24 (med Arsenium)
  • Slavianski Bazaar 2006 – andreplass
  • New Wave 2007 – fyrsteplass
  • Nasjonal tevling O melodie pentru Europa 2020 – fyrsteplass

Referansar

endre
  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. News, Eurovision (15. juli 2020). «Eurovision Moldova: Natalia Gordienko confirmed for Eurovision 2021 - ESCToday.com» (på engelsk). Henta 23. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 «In the spotlight: Natalia Gordienko» (på engelsk). 15. april 2020. Henta 23. juli 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Natalia Gordienko: 10 facts about Moldova's Eurovision 2020 singer» (på engelsk). 27. april 2020. Henta 23. juli 2020. 
  5. «INTERVIU Natalia Gordienko, cântăreaţa din Moldova care se afirmă în România: „Îmi place foarte mult politica, poate îmi voi încerca puterile“» (på engelsk). Henta 23. juli 2020. 
  6. «Moldova: Natalia Gordienco wins Finala nationala 2020 with "Prison"» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 2. mars 2020. 
  7. «🇲🇩 Natalia Gordienko to represent Moldova in Eurovision 2020!» (på engelsk). 29. februar 2020. Henta 23. juli 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  9. News, Eurovision (15. juli 2020). «Eurovision Moldova: Natalia Gordienko confirmed for Eurovision 2021 - ESCToday.com» (på engelsk). Henta 23. juli 2020.