John Simon
amerikansk ingeniør og komponist
(Omdirigert frå Produsent John Simon)
John Simon (fødd 11. august 1941) er ein amerikansk musikar, plateprodusent og komponist. Han er mest kjend for arbeidet som produsent og musikar for The Band på Music from Big Pink og The Band.[1][2] Han starta karrieren sin med Columbia Records, der han produserte musikk for mange artistar. Av dei første produksjonane hans finn ein «Red Rubber Ball» av The Cyrkle, som nådde andreplassen i USA i 1966.
John Simon | |||
Fødd | 11. august 1941 Norwalk, Connecticut, USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norwalk | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | Piano, saksofon, tuba, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Band | ||
Verka som | Musikar, produsent, låtskrivar |
Han produserte Cheap Thrills av Big Brother and the Holding Company, debutplata til Leonard Cohen, Songs of Leonard Cohen, Child Is Father to the Man av Blood, Sweat & Tears, Jackrabbit Slim av Steve Forbert og mange andre album. I tillegg har han laga plater som soloartist. Han speler òg tuba på «Rag Mama Rag» av The Band.[2]
Solodiskografi
endreÅr | Album | Selskap |
---|---|---|
1971 | John Simon's Album | Water Music Records |
1973 | Journey | Warner Bros. |
1992 | Out on the Street | Pioneer Japan |
1995 | Harmony Farm | Pioneer Japan |
Home | ||
2000 | The Best and Beyond | |
2000 | Hoagyland: Songs of Hoagy Carmichael | Dreamsville |
No Band | ||
2006 | Baroque Inevitable | Sony Music Distribution |
Don't Forget What I Told You | Warner Bros. |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Simon (record producer)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Band: Music From Big Pink, by Barney Hoskyns
- ↑ 2,0 2,1 The Band: The Band, by Barney Hoskyns