Profeten Brians liv og historie

Profeten Brians liv og historie (originaltittel Monty Python's Life of Brian, òg kjend som Life of Brian) er ein britisk spelefilm frå 1979 av og med humorgruppa Monty Python, og er kanskje den meste kjende filmen til gruppa. Filmen handlar om Brian, som lever i Judea samstundes med Jesus, og som ufrivillig vert utpeikt til messias og tilbeden av ein stadig veksande tilhengarskare etter at Brian har delteke i ei motstandsgruppe mot dei romerske makthavarane.

Monty Python’s Life of Brian
Norsk tittel: Profeten Brians liv og historie
RegiTerry Jones Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Graham Chapman, John Cleese, Terry Gilliam, Eric Idle, Terry Jones, Michael Palin Sjå dette på Wikidata
ManusGraham Chapman, Terry Gilliam, Michael Palin, John Cleese, Eric Idle, Terry Jones Sjå dette på Wikidata
MedverkandeGraham Chapman, John Cleese, Terry Gilliam, Terry Jones, Eric Idle, Michael Palin, Sue Jones-Davies, Terence Bayler, Carol Cleveland, George Harrison, Neil Innes, Gwen Taylor, Kenneth Colley, John Young, Spike Milligan, Charles McKeown, Bernard McKenna, Andrew MacLachlan, Chris Langham, Charles Knode, Kenneth Colley, Peter Brett, John Case, Randy Feelgood Sjå dette på Wikidata
KlippJulian Doyle Sjå dette på Wikidata
MusikkGeoffrey Burgon Sjå dette på Wikidata
SjeffotografPeter Biziou Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapHandmade Films Sjå dette på Wikidata
DistributørCinema International Corporation, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1979, 14. august 1980 (Tyskland),[1] 17. august 1979 (USA),[2] 8. november 1979 (Storbritannia)[2]
Lengd94 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening20 745 728 US-dollar (verdsfemnande),[3] 20 206 622 US-dollar (USA)[3]
Sjangerfilmkomedie, religiøs satire, filmparodi Sjå dette på Wikidata

I Noreg vart filmen i 1980 stoppa av Statens filmkontroll fordi dei meinte at han ville strida mot blasfemiparagrafen.[4] I Sverige vart filmen umiddelbart marknadsført som «filmen som er så morosam at han er forboden i Noreg». Totalforbodet mot filmen vart oppheva i oktober 1980 etter at filmimportøren fekk ei utsegn frå to teologisk sakkyndige som fekk sjå filmen. Den eine sakkyndige meinte filmen var blasfemisk, den andre meinte at han det ikkje var det. Forbodet vart oppretthalde etter fleire interne diskusjonar og visingar av filmen for Stortingets justiskomité og for Justisdepartementet[5][6] Noko seinare same år lét Filmkontrollen han sleppa gjennom sensuren med 18-årsgrense, med ein ekstra fortekst som «forklarte» at krossfesting var ei vanleg romersk straff. I den norske visingane vart det late vere å teksta engelske ordspel i dialogen som refererte til Bergpreika av omsyn til ikkje å støyta nokon.[6] Vidare måtte filmskaparane kort seia noko om intensjonen sin med filmen og at dei ikkje hadde meint å krenkja nokon religiøse kjensler då dei laga filmen. I 2004 vart filmen relansert under originaltittelen Life of Brian og grensa vart sett ned til 11 år.

Stortingets justiskomité uttalte i 2005 at «Filmen 'Life of Brian' ble oppfattet som blasfemisk for 20-30 år siden, mens de færreste i dag vil kalle dette blasfemi. Disse eksemplene er klassiske utslag av at man regulerte kun ut fra moral, og ikke om det var skadelig.»[7]

Handlinga til filmen endre

«Judea, år 33 e.Kr., på ettermiddagen, rundt tetid.»

Unge Brian (Graham Chapman) veks opp hos sin tyranniske mor (Terry Jones).

Judea er okkupert av romarane. Dei er dårleg likt i landet, og motstanden veks raskt. Det vert oppretta fleire undergrunnsbandar, som freistar å avsetja Pontius Pilatus. Brian vert uheldigvis medlem av ein slik bande (Folkefronten i Judea), der medlemmane vert handsama hardt av den feige leiaren Reg (John Cleese).

Brian og Judith (Sue Jones-Davies), som òg er med i «Folkefronten i Judea», blir forelska i kvarandre. I mellomtida planlegg Reg eit kidnappingsforsøk på Pilatus si kone. Brian er blant dei uheldige utvalde, og må delta i aksjonen.

Som om ikkje det var nok, vert han òg forveksla med ein messias. Ein heil hærskare av tilhengarar forgudar han, og Brians liv vert berre meir og meir komplisert for kvar dag som går.

Kjelder endre

  1. Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317 
  2. 2,0 2,1 https://www.imdb.com/title/tt0079470/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 6. september 2022.
  3. 3,0 3,1 https://www.boxofficemojo.com/title/tt0079470/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 6. september 2022.
  4. http://old.aftenposten.no/amagasinet/article1225971.ece
  5. Jacobsen, Beate (1994). Film- og videogramrett. Oslo: TANO. s. 119. ISBN 8251832659. 
  6. 6,0 6,1 nrk.no - Norsk forbud absolutt nonsens i forbindelse med filmens 30-årsjubileum 12.01.2010
  7. Stortinget.no Prinsipper for kriminalisering - hvilke handlinger bør forbys og belegges med straff? 05.04.2005

Litteratur endre

  • Kjartan Leer-Salvesen Fra glansbilde til antihelt : Jesus på film Verbum 2005 ISBN 82-543-1014-9