Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen
Santo Domingo de los Tsáchilas (spansk uttale [ˌsanto ðoˈmiŋgo ðe los ˈtsatʃilas]) er ein provins i Ecuador. Hovudstaden er Santo Domingo de los Colorados. Provinsen har omtrent 490 000 innbyggjarar per 2022. Namnet kjem frå hovudstaden og urfolket som blir kalla tsáchila, som på spansk også blir kalla colorados.
Santo Domingo de los Tsáchilas | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Santo Domingo de los Colorados | ||
Areal | 3 770,08 km² | ||
Folketal | 492 969 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen 0°20′00″S 79°15′00″W / 0.33333333333333°S 79.25°W | |||
Kart som viser Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Santo Domingo de los Tsáchilas Province |
Geografi
endreProvinsen ligg i overgangsområdet mellom den vestlege skråninga av Andes og kystregionen i det sentrale nordvestlege Ecuador. Vegetasjonen er prega av tropiske regnskogar og tidlegare regnskogområde som i dag blir brukte til storfedrift eller som banan- eller oljepalmeplantasjar.
Provinsen grensar i nord og aust til Pichincha, i nordvest til Esmeraldas, i vest til Manabí, i sør til Los Ríos og i søraust til provinsen Cotopaxi.
Historie
endreSanto Domingo de los Tsáchilas vart oppretta i 2007 med kantonen Santo Domingo de los Colorados som ein av to kantonar. Kantonen Santo Domingo de los Colorados, oppretta i 1967 som den vestlegaste kantonen i provinsen Pichincha, vart skilt ut frå Pichincha. Den andre kantonen i Santo Domingo de los Tsáchilas, La Concordia, var skilt ut frå Esmaralda.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.
- Denne artikkelen er ei omsetjing av «Provinz Santo Domingo de los Tsáchilas» frå Wikipedia på tysk, den 18. oktober 2024.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |