Provinsar i Ecuador

I Ecuador er ein provins ein politisk-administrativ inndeling som består av to eller fleire kantonar. For tida har landet tjuefire provinsar.

Den administrative inndelinga av Ecuador i provinsar har opphavet sitt i den spanske kolonitida, då det noverande republikanske territoriet var delt inn i provinsane Quito, Guayaquil, Cuenca, Jaén og Maynas (som den gong vart kalla «gobiernos»). Under Stor-Colombia gjekk denne inndelinga gjennom nokre endringar, då det ecuadorianske territoriet vart delt inn i tre departement (Ecuador, Azuay og Guayaquil), som kvar var delt inn i provinsar, og provinsane i kantonar. Etter oppløysinga av Stor-Colombia i 1830 vart departementa avskaffa, slik at berre provinsane og kantonane stod att som politisk-administrative einingar.

Provinar med hovudstad, folketal og areal

endre
Rad Provins Hovudstad Folketal (folketeljinga 2022)[1] Areal (km²) Skipa år
1 Azuay Cuenca 801 609 8 189 1824
2 Bolívar Guaranda 199 078 4 148 1884
3 Cañar Azogues 227 578 3 669 1880
4 Carchi Tulcán 172 828 3 790 1880
5 Chimborazo Riobamba 471 933 5 999 1824
6 Cotopaxi Latacunga 470 210 6 085 1851
7 El Oro Machala 714 592 5 879 1884
8 Esmeraldas Esmeraldas 553 900 16 132 1847
9 Galápagos Puerto Baquerizo Moreno 28 583 8 010 1973
10 Guayas Guayaquil 4 391 923 15 927 1824
11 Imbabura Ibarra 469 879 4 611 1824
12 Loja Loja 485 421 11 100 1824
13 Los Ríos Babahoyo 898 652 7 100 1860
14 Manabí Portoviejo 1 592 840 19 427 1824
15 Morona Santiago Macas 192 508 25 690 1954
16 Napo Tena 131 675 12 476 1959
17 Orellana Puerto Francisco de Orellana 182 166 21 691 1998
18 Pastaza Puyo 111 915 29 068 1959
19 Pichincha Quito 3 089 473 9 692 1824
20 Santa Elena Santa Elena 385 735 3 696 2007
21 Santo Domingo de los Tsáchilas Santo Domingo 492 969 4 180 2007
22 Sucumbíos Nueva Loja 199 014 18 612 1989
23 Tungurahua Ambato 563 532 3 222 1860
24 Zamora Chinchipe Zamora 110 973 10 556 1953
Total Ecuador Quito 16 938 986 283 561

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Provinsar i Ecuador