Punakaiki er ein liten busetnad i regionen West CoastSørøyaNew Zealand, mellom Westport og Greymouth. Busetnaden ligg ved grensa til Paparoa National Park.

Punakaiki
busetnad
Land  New Zealand
Region West Coast
Kart
Punakaiki
42°06′29″S 171°20′10″E / 42.108°S 171.336°E / -42.108; 171.336
Wikimedia Commons: Punakaiki

Pancake Rocks («pannekakeklippene») er eit svært populært turistmål ved Dolomite Point sør for busetnaden. Pancake Rocks er eit sterkt erodert sandsteinsområde der havet har trengt seg gjennom eit utal av vertikale blåsehòl ved høgvatn. Saman med den «pannekake»-aktige lagdelinga av sandstein (danna ved høgt trykk på vekselvis harde og blaute lag av marine dyr- og plantesediment),[1] utgjer desse hovudattraksjonen i området.

Pancake Rocks er no tilgjengelege gjennom fleire gangvegar som snor seg gjennom klippeformasjonane, somme av desse er farbare med rullestol, og andre er utskorne som trapper opp til og ned frå klippene.[1] Riksvegen New Zealand State Highway 6, den einaste gjennomgangsvegen i West Coast, går gjennom busetnaden.

Galleri endre

Panorama av Punakaiki.

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Punakaiki
  Reiseguide for Punakaiki frå Wikivoyage