Pusjkino
Pusjkino (russisk Пу́шкино) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Utsja og Serebrjanka renn saman, rundt 30 km nordaust for Moskva.
Pusjkino Пушкино | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
Første nemnt i Bystatus |
1498 1925 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Basjkirtsev | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
58 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
97 697 1 684,4 /km² | ||||
Koordinatar | 56°01′00″N 37°51′00″E / 56.01667°N 37.85000°E | ||||
Høgd over havet | 160 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 1412xx | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)49653 | ||||
Nettstad: www.adm-pushkino.ru |
Landsbyen Pusjkino vart først dokumentert i 1499, då han høyrte til Grigorij Morkhinin «Pusjka», ein bojar som mellom anna Aleksandr Pusjkin ættar frå, ein dikter som det i dag står statue av på eit av hovudtorga i byen. Dei neste hundreåra utvikla nabolaget seg til ein føretrekt sommartilhaldsstad for russisk adel. I 1678 vart det bygt ei femkupla kyrkje til St. Sergius på Komjagino-godset.[1] Eit anna notabelt gods er Muranovo, der dei russiske diktarane Jevgenij Baratynskij og Fjodor Tjutsjev brukte å vere om somrane. Ein datsja som høyrte til Vladimir Majakovskij, der han var somrane 1920-1928 er i dag eit museum. Pusjkino fekk bystatus i august 1925. I dag er byen kjend på grunn av Instituttet for Skogsvitenskap, eit av dei få i Russland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pusjkino» frå Wikipedia på bokmål, den 11. januar 2009.