Pyrites Island er den største av tre småøyar som ligg nordaust for Gam Point og utgjer austsida av Esther Harbor, utanfor nordkysten av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. I 1913-14 vart klippene heil ytst på Gam Point og øyane kring kalla Esther, Pyritis (sic) eller Pyritic Islands av den skotske geologen David Ferguson, som rapporterte at dei bestod av pyritt med årer av kvarts. Frå skildringa til Ferguson kan det verke som at isklippene bak Gam Point har rykte fram sidan 1914 slik at «øya» i dag er landfast. Den høgaste av dei gjenverande øyane er øya som er skildra her. Namnet vart tilrådd av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1960 for at ho ikkje vart forveksla med «Esther»-namna i nærleiken.

Pyrites Island
øy
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Koordinatar 61°55′S 57°59′W / 61.917°S 57.983°W / -61.917; -57.983
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Pyrites Island
61°55′00″S 57°59′00″W / 61.9167°S 57.9833°W / -61.9167; -57.9833
Pyrites Island is located in Antarktis
Pyrites Island (Antarktis)

Sjå òg

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pyrites Island» (innhald frå Geographic Names Information System).