Pytalovo (russisk Пыта́лово, latvisk Abrene) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 6000 innbyggjarar. Han ligg 90 km sør-sørvest for Pskov og 10 km frå grensa til Latvia.

Pytalovo
Пыталово
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Pytalovo
Byvåpenet til Pytalovo


Plassering
Pytalovo is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Pskov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1782
1933
Geografi
Flatevidd
 - By

7,85 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

6 228
  793,4 /km²
Koordinatar 57°04′00″N 27°55′00″E / 57.06667°N 27.91667°E / 57.06667; 27.91667
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81147
Nettstad: www.pytalovo.ellink.ru

Historie endre

Landsbyen Pytalovo hadde i 1878 57 innbyggjarar og høyrte til Ostrov ujezd (distrikt) i Pskov gubernija. Han voks til ein by etter at ein jernbane vart bygd gjennom staden.

Ved den latvisk-russiske fredsavtalen i Riga i 1920 vart ein del av Ostrov ujezd, inkludert Pytalovo, gjeve til Latvia og byen var etterpå kjend under det latviske namnet Jaunlatgale (til 1938, då det offisielle namn vart endra til Abrene). I mellomkrigstida var byen hovudstad i eit av distrikta i Latvia.

Etter den andre verdskrigen overførte Sovjetunionen Abrene, saman med den austlge delen av Abrene-distriktet frå den Latviske SSR til Pskov oblast i den Russiske SFSR. Dei fleste latviske innbyggjarane forlet byen, som fekk tilbake det tidlegare namnet Pytalovo. Latvia var imot russisk styre over området fram til ein avtale mellom dei to landa vart underteikna i 2007[1].

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.