Pythagoras Peak
Pythagoras Peak på 1275 moh. er det høgaste fjellet i Tula Mountains i Antarktis, som ligg langs nordsida av Beaverbreen, 8 nautiske mil (15 km) søraust for Mount Storer. Fjellet har eit markant, trekanta hakk. Det vart fotografert frå Mount Riiser-Larsen i februar 1958 av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av Phillip Law, men det vart først vitja og kartlagt i desember 1958 av G.A. Knuckey, ein landmålar i ANARE. Det vart namngjeve av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter den greske filosofen Pytagoras.
Pythagoras Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Tula Mountains | ||
Topp | Enderby Land | ||
• høgd | 1 275 moh. | ||
- koordinatar | 66°59′S 51°20′E / 66.983°S 51.333°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Pythagoras Peak 66°59′00″S 51°20′00″E / 66.9833°S 51.3333°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pythagoras Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).