Qalandiya
Kalandia (arabisk قلنديا, hebraisk skrift קלנדיה), òg Qalandiya, er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, mellom Jerusalem og Ramallah, like vest for Jerusalem kommune. I 2006 budde det 1 154 innbyggjarar i landsbyen, i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.[2] Kalandia er òg namnet på ein flyktningleir, oppretta av UNWRA i 1949. Han ligg like aust for Jerusalem kommune. Kalandia flyktningleir vart bygd for palestinske flyktningar frå Lydda, Ramle og Jerusalem etter den palestinske utflyttinga i 1948.[3]
Kalandia | |||
قلنديا, Qalandiya | |||
kommune | |||
Kalandia flyktningleir
| |||
Namneopphav: Kulundia, førenamn[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°51′47″N 35°12′27″E / 31.86306°N 35.20750°E | ||
Areal | 3,3 km² | ||
Folketal | 25 595 (2006) | ||
Folketettleik | 7 756 / km² | ||
Qalandiya 31°51′47″N 35°12′27″E / 31.863055555556°N 35.2075°E | |||
Wikimedia Commons: Qalandia |
Historie
endreDet er funne fleire oldtidsgraver i Kalandia.[4] Ein har òg grave ut eit bysantinsk bad og ein har funne keramikk frå den same perioden.[5]
Under krossfarane var Kalandia ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til prestane i Den heilage grav-kyrkja.[4][6][7][8]
Kalandia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i osmanske skattelister frå 1596, var landsbyen, då kalla Qalandiya, ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen eit folketal på 15 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[9]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han skildra som ei lita grend med nokre få hus med fikenplantasjar rundt.[10]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein «liten landsby på ei høgd, omgjeve av oliven, med steinbrot i vest.»[11]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922 hadde Qalandieh (Qalandia) eit folketal på 144, 122 muslimar og 22 jødar.[12] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då Qalandiya hadde ein heilmuslimsk folkesetnad på 120, i 25 hus.[13]
I 1945 var folketalet i Kalandia på 190 arabarar, og landområdet var 3 940 mål.[14] 427 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 202 for korn,[15] medan seks mål var utbygde område.[16]
Kalandia lufthamn
endreFram til 1930 var Kalandia den einaste flyplassen i Palestinamandatet, sjølv om det var fleire militære flystriper. Kalandia vart nytta av viktige gjester som kom til Jerusalem.[17] Han opna for faste flyruter i 1936.[18] Etter seksdagarskrigen fekk han namnet Atarot lufthamn av Israel, men vart nedlagt som følgje av Israel–Palestina-konflikten.[19]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Qalandiya» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1868). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Rey, Emmanuel Guillaume (1883). Les colonies franques de Syrie aux XIIme et XIIIme siècles (på fransk). Paris: A. Picard.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster. (s. 137, 141, 315)
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- Röhricht, Reinhold (1904). (RRH Ad) Regesta regni Hierosolymitani Additamentum (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- de Roziére, red. (1849). Cartulaire de l'église du Saint Sépulchre de Jérusalem: publié d'après les manuscrits du Vatican (på fransk). Paris: Imprimerie nationale.
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.
- ↑ Palmer, 1881, s. 321
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Kalandia Refugee Camp
- ↑ 4,0 4,1 Conder og Kitchener, 1883, s. 11
- ↑ Dauphin, 1998, s. 844
- ↑ de Roziére, 1849, s. 30: Calandria, s.263: Kalendrie, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
- ↑ Röhricht, 1904, RHH Ad, s. 5, No. 74
- ↑ Rey, 1883, s. 387
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
- ↑ Guérin, 1868, s. 393, Guérin, 1869, s. 6
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 10-11
- ↑ Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
- ↑ Mills, 1932, s. 42
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 103
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 153
- ↑ An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration of Palestina, 1917-1929 Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, New York & Jerusalem, 1994, s. 152
- ↑ Atarot and the Fate of the Jerusalem Airport
- ↑ Larry Derfner (23. januar 2001). «An Intifada Casualty Named Atarot». The Jewish Journal of Greater Los Angeles. Arkivert frå originalen 6. april 2020. Henta 5. september 2015.