Qianjiang
Qianjiang er ein kinesisk subprefektur-by midt i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Han er direkte understilt provinsregjeringa. Qianjiang har eit areal på 2 004 km² og hadde ein million ibuarar i 1999.
Samferdsle
endreJarnvegen Hankou–Yichang, ei snøggbane opna i 2012, stoppar i Qianjiang.
Kinas riksveg 318, ein av Folkerepublikken Kinas lengste hovudvegar, går gjennom området. Vegen tek til i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu før han går inn i Tibet og Lhasa, og deretter heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.
Soge
endreQianjiang var eit tidleg senter for den kinesiske oldtidsstaten Chu.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Qianjiang, Hubei» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2013.