200-talet fvt.
< 200-talet fvt. (f.Kr.) > er historisk tid i fleire område.
Hundreåret er rekna som ein del av antikken i middelhavslanda, og var i byrjinga av hundreåret prega av maktbalanse mellom dei greske hellenistiske kongedøma i aust og handelsfolka frå Kartago i vest. Konflikt mellom Kartago og Den romerske republikken førte seinare til ubalanse og krig. Dei to punarkrigane førte til romersk dominans i området.
Hundreåret markerte slutten av krigarrika-tida i Kina då Qin Shi Huangdi erobra dei andre statane og grunnla det kortliva Qin-dynastiet. Mot slutten av hundreåret kom det meir langvarige Han-dynastiet til makta.
Xiongniu-konføderasjonen var ved makta i Mongolia.
Mauryariket under Asjoka herska i Sør-Asia. Pandya-, Tsjola- og Tsjerarika blomstra lenger sør i dei tamilske områda, der sangamtida tok til.
Hendingar
endreHendingane byrjar geografisk aust i Asia og går vestover til Amerika.
Asia
endre- Japan
- Keramikkmaking spreidde seg i heile Japan. Tida mellom 300 f.Kr og 250 e.Kr. blir kalla yayoi.
- Kina
- Krigarrika-tida var over i 221 f.Kr då Qin-staten sigra over Qi-staten. Kongen av Qin, kjend som Qin Shi Huang, erklærte seg som den første keisaren av Kina.
- 210 f.Kr. Qin Shi Huang døydde. Til grava hans blei det laga ein mektige hær av terrakottafigurar. Qin Er Shi blei Qin-keisar etter han.
- Bygging av fleire murar til vern mot nomadekrigarar nord for Qin, Yan og Zhao.
- Wangcheng, hovudstaden til Zhou, voks til 250 000 innbyggjarar ved slutten av hundreåret.
- Handynastiet blei grunnlagd i 202 f.Kr.
- Mongolia
- Jernalderen tok til i Mongolia. Arkeologiske funn av jernsaker i graver viser korleis bruken gradvis spreidde seg sørover mot Baikalsjøen.
- Ein herskarklasse tok til å utvikla seg på dei mongolske steppene.
- Sør-Asia
- Chandragupta Maurya og sonen Asjoka utvida Mauryariket til å dekka nesten heile det indiske subkontinentet. Etter erobringane sine herska Asjoka over eit fredeleg rike og spreidde buddhismen.
- Nepal var styrt av kirataene, som innførte buddhismen i landet.
- Arabia
- Arabiske semittiske kongedøme tente seg rike på handel med den greske verda, stort sett i aromatiske urter som røykjelse, myrra og kanel.
Afrika
endre- Vest-Afrika
- Nord-Afrika
- Ptolemeardynastiet kom til makta i Egypt.
- 221 f.Kr: Ptolemaios IV av Egypt overtok som farao etter den avdøde faren. Han utnemnde Sosibius til sjefsminister, som fekk mykje makt. Påverka av Sosibius fekk den nye faraoen drepen onkelen Lysimakos, broren Magas og mora Berenike II.
- I Alexandria laga medisinaren og anatomikaren Herophilos det første oversynet over nervesystemet.
- Fyrtårnet i Alexandria blei bygd (rundt 280 f.Kr)
- Nomadiske berbarstammar etablerte mektig kongedøme vest for kartaginarområda.
Europa
endre- Folkevandringar av germanske stammar, som kimbrarar og svebarar, frå nord, truleg Skandinavia, og sørover.
- Ein byrja med vindyrking på Krimhalvøya.
- 18. august 293 f.Kr: Bygginga av det eldste kjende romerske tempelet til gudinna Venus, og byrjinga av vinalia rustica.
- 279 f.Kr: Første kjende omtale av Beograd under namnet Singidun
- 264 f.Kr: Den første punarkrigen braut ut då mamertinane på Sicilia bad om assistanse frå både Roma og Kartago for å ta seg av åtaka til Hiero II av Syrakus. Roma svarte først etter at Kartago hadde sendt troppar og den lokale konflikten eskalerte snart til full krig.
- 259 f.Kr:
- Antiokos II Theos av Selevkidriket gjekk saman med Antigonus II Gonatas av Makedonia om ein gjengjeldingskrig mot Ptolemaios II av Egypt.
- Kartagenarar under general Hamilcar nytta sigeren ved Thermae på Sicilia til å ta byen Enna. Hamilcar fortsette sørover mot Siracusa for å prøva å få ny støtte mot romarane derfrå.
- 236 f.Kr:
- Eratosthenes blei innsett som den andre leiaren av biblioteket i Alexandria.
- Hamilcar Barca leidde ein militærekspedisjon inn i Hispania.
- Publius Cornelius blei romersk konsul
- 222 f.Kr: Milano vart underlagt romarane.
- 221 f.Kr: Hannibal blei utnemnd til leiar for den kartagenske hæren i Iberia etter at ein keltisk snikmordar drap føregjengaren Hasdrubal. Hannibal gifta seg med ei lokal høvdingdotter, Imilce, og overvann fleire iberiske stammar. Mellom anna Altea blei teken av kartagenske styrkar.
- 210 f.Kr:
- Den andre punarkrigen mellom Romarriket og Kartago braut ut.
- Romarane tok tilbake Sicilia og dreiv ut kartagenarane. Matmangel og inflasjon i Roma blei betra.
- I Slaget ved Herdonia i Apulia sør i Italia overrumpla Hannibal den romerske prokonsulen Gnaeus Fulvius Centumalus, som blei drepen, saman med rundt 13 000 romerske soldatar, frå ein hær under 20 000.
- Marcus Claudius Marcellus, vald til romersk konsul for fjerde gong, tok tilbake Salapia i Apulia.
Amerika
endre- Mayasivilisasjonen voks og utvikla mellom anna skriftspråk og bygde dei første pyramidane.
- Teotihuacan blei grunnlagd rundt 200 f.Kr.
Viktige personar
endre- Mengzi, kinesisk tenkjar (371–289 f.Kr.)
- Ptolemaios Soter (om lag 367–283 f.Kr.)
- Euklid, gresk geometrikar (om lag 365–275 f.Kr.)
- Asjoka den store, mauryarherskar i India (304-232 f.Kr.)
- Arkimedes (287-212 f.Kr.), gresk matematikar
- Ptolemaios Philadelphos (284–246 f.Kr.) og konene hans, Arsinoe I og Arsinoe II av Egypt.
- Apollonius frå Perga, gresk matematikar (rundt 262–190 f.Kr.)
- Qin Shi Huang, kinesisk keisar (259–210 f.Kr.)
- Hannibal, kartagensk militærleiar (247–182 f.Kr.)
- Ptolemaios Euergetes (246 f.Kr–222 f.Kr.) og kona Berenike II av Egypt.
- Scipio Africanus (235–183 f.Kr.), romersk hærførar og statsmann
- Ptolemaios Philopater (222 f.Kr–[[204 f.Kr.) og kona Arsinoe II av Egypt.
- Hui av Han, andre keisaren av det kinesiske Han-dynastiet (210-188 f.Kr.)
- Ptolemaios Epiphanes (204–180 f.Kr.) og kona Kleopatra I av Egypt.
Bakgrunnsstoff
endre