Opna hovudmenyen

Røldal er ei fjellbygd og ein tettstad i Odda kommune i Hordaland fylke. Røldal var tidlegare eigen kommune, men vart i 1964 ihopslegen med Odda kommune. Røldal er òg eit kyrkjesokn.

Røldal
tettstad
Røldal.jpg
Utsikt utover Røldal og Røldalsvatnet
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Odda
Areal 0,66 km²
Folketal 359 (2017)
Folketettleik 544 / km²
Postnummer 5760 RØLDAL
Innbyggjarnamn røldøl
Preposisjon i Røldal
Wikimedia Commons: Røldal

Tettstaden ligg ved nordenden av Røldalsvatnet (380 m.o.h.). Røldal ligg nær skiljet mellom Vest- og Austlandet, og grensar til Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark. Frå Røldal er det om lag 28 kilometers køyring til Nesflaten i Suldal og knappe 75 kilometer til Sand i Suldal, ein køyrer då riksveg 13. Riksveg 520, som har vinterstenging, går til Sauda, medan Europaveg 134 går til Odda by i nordvest og austover til Telemark over Haukelifjell. Det er 42 km til kommunesenteret i Odda, medan det er 56 kilometer til Haukeligrend i Vinje.

I Hordadalen ligg Røldal skisenter som er kjent for å vera eit av dei mest snøfylte sentra i Noreg. Røldal er òg ein kjent innfallsvinkel til Hardangervidda.

Røldal stavkyrkje og det undergjerande krusifiksetEndra

 
Røldal stavkyrkje
Foto: Roar Johansen

Røldal er særleg kjend for Røldal stavkyrkje frå 1200-talet, og krusifikset som hadde ord på seg for å sveitte undergjerande dropar, særleg natt til jonsok. Folk gjekk pilegrim til Røldal frå fjern og nær opp gjennom seinmellomalderen. Pilegrimane fortsette å kome til kyrkja i løynd også etter reformasjonen, i von og tru på læking og under, og det skal ha vorte helde midnattsmesse kvar gamaljonsok (6. juli) i dulgsmål for den lutherske geistlegheita heilt fram til 1835 då prosten skal ha vore i bygda ved jonsok og vorte vekt av kyrkjeklokker natterstid. Dei siste åra har pilegrimsvandringane og midnattsmessa vorte tekne oppatt, no i full forståing med Den norske kyrkja.

Røldal kommune, 1837-1964Endra

I 1837 var Røldal eit annekssokn til Suldal prestegjeld, men siden det var skilt frå hovudsoknet sitt av ei amtsgrense, måtte det opprettast som eit eige formannskapsdistrikt.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Røldal kommune frå 1920 til 1963:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1963
803 739 778 715 593 608

Andre nettstaderEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Røldal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå