Røros lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Røros kommune i Trøndelag fylke. Lufthamna ligg om lag 3,0 kilometer vestnordvest for Røros og er eigd og driven av Avinor AS. Ho vart opna i 1957.

Røros lufthamn
IATARRS
ICAOENRO
FlyplasstypeSivil
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerRøros
StadRøros kommune, Trøndelag
Høgd626 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar62°34′42″N 11°20′32″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/en/airport/roros-airport/ Sjå dette på Wikidata

Den 9. januar 2009 vart det avgjort at dotterselskapet av Danish Air Transport, DOT LT, skulle ta over flygingane mellom Oslo og Røros. DOT LT starta opp avgangar den 1. april 2009. I dag er det to daglege avgangar til Oslo heile veka, unnateke laurdag med en Saab 340A-maskin som kan fly rundt 30 passasjerar. Bakketenestene er utførte av Røros Flyservice. Hausten 2009 vart det avgjort at det skulle gå vinterruter mellom Stockholm og Røros, to gonger i veka, avgang frå Røros på torsdag og retur på sundag. Frå og med 28. januar tro denne ruta i kraft, operert av det svenske flyselskapet Skyways Express. Flyselskapet bruker eitt av sine Fokker 50-fly på denne ruta som kan fly kring 50 passasjerar.

Flyselskap og destinasjonarEndra

InnlandEndra

Flyselskap Destinasjonar
  Noreg widerøe Oslo

UtlandEndra

Flyselskap Destinasjonar
  Sverige Skyways Express Stockholm-Arlanda (sesongrute 23. februar 2011 - 15. april 2012)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra