Røværsholmen fyrstasjon
Røværsholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme ved Røvær utanfor Haugesund i Rogaland.
Røværsholmen mellom 1890 og 1900. Foto: Riksarkivet | |||
Fylke | Rogaland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Haugesund | ||
Funksjon | Leifyr | ||
Oppretta | 1892 | ||
Koordinatar | 59°27.1020′N 5°4.1590′E / 59.4517000°N 5.0693167°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 15,5 | ||
Form | Fyrbygning med raudt tårn | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Isostase kvart 4. sekund | ||
Lyshøgd | 22,5 moh. | ||
Lysvidde | 8,3 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten ved Kystverket | ||
Automatisert | 1975 | ||
Avfolka | 1975 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Røværsholmen fyrstasjon 59°27′06″N 5°04′10″E / 59.45166667°N 5.06944444°E | |||
Stasjonen har eit 13,5 meter høgt raudt fyrtårn i støypejern. Tårnet står på ein fot av hogd stein, som kjem frå Lista fyrstasjon der to steintårn vart tekne ned i 1873. Røværsholmen fyrstasjon vart oppretta i 1892 og har eit 2. ordens linseapparat.
Det ligg bustad og uthus ved sidan av tårnet og naust og landing like nedanfor. Landingstilhøva er vanskelege.
Fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 156» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Røværsholmen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Røværsholmen fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren