Musikkgruppa Crazy Horse
Crazy Horse er eit amerikansk rockeband som er best kjend for tilknytinga til Neil Young. Dei er godskrivne på mange albuma til Young, og har gjeve ut fem album på eiga hand.
Crazy Horse | |||
| |||
Alias | Danny & the Memories The Rockets The Psyrcle | ||
---|---|---|---|
Opphav | Columbus i Georgia | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Rock Hardrock Folkrock Countryrock | ||
Tilknytte artistar | Neil Young | ||
Plateselskap | Reprise Epic Rhino | ||
Medlemmer | Billy Talbot Ralph Molina Frank «Poncho» Sampedro | ||
Tidlegare medlemmer | Danny Whitten Jack Nitzsche Nils Lofgren George Whitsell Greg LeRoy John Blanton Rick Curtis Michael Curtis Sonny Mone Matt Piucci |
Neil Young henta inn Danny Whitten (gitar), Bill Talbot (bass) og Ralph Molina (trommer) frå gruppa The Rockets til det andre soloalbumet hans, Everybody Knows This is Nowhere (1969). Dei tre braut ut av The Rockets og inngjekk i eit meir permanent samarbeid med Neil Young under namnet Crazy Horse. Bandet deltok òg på det neste albumet til Young, After the Gold Rush (1970). Dei nytta høvet til å spele inn det første albumet sitt, òg kalla Crazy Horse, medan Neil Young var oppteke med samarbeidet sitt i Crosby, Stills, Nash & Young. Nils Lofgren og Jack Nitzsche, begge med sterke band til Neil Young, bidrog på albumet. Sjølv om albumet aldri vart nokon kommersiell suksess, viste det at bandet hadde meir å fare med enn berre å opptre som backingband for andre. Danny Whittens «I Don't Want to Talk About It» frå albumet vart i 1975 spelt inn og gjort til ein hit med Rod Stewart.
Crazy Horse deltok ikkje på det fjerde albumet til Young, Harvest (1972), men låten «The Needle and the Damage Done» frå albumet skal ha utgangspunktet sitt i blant anna heroinmisbruket til Danny Whitten. Whitten døydde av ein overdose 18. november 1972, og vart erstatta med Frank «Poncho» Sampedro i 1973. Saman med Talbot og Molina har dei tre utgjort Crazy Horse heilt fram til i dag. Neil Young sitt Tonight's the Night er dedisert Danny Whitten og ein annan av Young sine gode vener som lei same skjebne som Whitten.
Medlemmer
endreNoverande
endre- Billy Talbot, bass, vokal
- Ralph Molina, trommer, vokal
- Frank «Poncho» Sampedro, gitar, orgel, vokal (1975–i dag)
Tidlegare medlemmer av Neil Young og Crazy Horse
endre- Danny Whitten, gitar, vokal
- Jack Nitzsche, keyboard, vokal
Andre tidlegare medlemmer
endre- Nils Lofgren, gitar, keyboard, vokal
- George Whitsell, gitar, vokal
- Greg Leroy, gitar, vokal
- John Blanton, keyboard
- Rick Curtis, gitar, vokal
- Michael Curtis, keyboard
- Sonny Mone, gitar, vokal
- Matt Piucci, gitar
Diskografi
endreThe Rockets
endreCrazy Horse
endre- Crazy Horse, Reprise 1971
- Loose, Reprise 1972
- At Crooked Lake, Epic 1972
- Crazy Moon, Capitol 1978
- Left for Dead, Capitol 1989
- Gone Dead Train: The Best of Crazy Horse 1971-1989, Raven 2005
- Scratchy: The Complete Reprise Recordings, Rhino Handmade 2005
Neil Young og Crazy Horse
endre- Everybody Knows This Is Nowhere (1969)
- After The Gold Rush (1970) - «Oh Lonesome Me», «When You Dance I Can Really Love» og «I Believe In You».
- Tonight's the Night (1975) - «Come On Baby Let's Go Downtown»
- Zuma (1975)
- American Stars 'n Bars (1977)
- Comes a Time (1978) - «Look Out For My Love» og «Lotta Love»
- Rust Never Sleeps (1979)
- Live Rust (live, 1979)
- Re•ac•tor (1981)
- Trans (1982)
- Life (1987)
- Ragged Glory (1990)
- Weld (live, 1991)
- Arc (live, 1991)
- Sleeps with Angels (1994)
- The Complex Sessions (EP, 1995, berre promo)
- Broken Arrow (1996)
- Year of the Horse (live, 1997)
- Are You Passionate? (2002) - "Goin' Home"
- Greendale (2003)
- Live at the Fillmore East (live 1970)
- Americana (2012)
- Psychedelic Pill (2012)[1]
Neil Young og Crazy Horse på film og video
endre- Rust Never Sleeps (1979)
- Weld (1991)
- Sleeps With Angels (ca 1995, berre promo)
- The Complex Sessions (1995)
- Year of the Horse (1997)
- Greendale (2004)
- Be The Rain (2004, promo only)
- Farm Aid 2003: A Soundstage Special Event (c. 2004)
Billy Talbot solo
endre- Alive In The Spirit World (2004)
Andre samarbeid
endre- She Used to Wanna Be a Ballerina, Buffy Sainte-Marie, Vanguard, 1971
- Head like a Rock, Ian McNabb, 1994 (on four songs only og without Frank Sampedro)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crazy Horse (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- McDonough, Jimmy. Shakey: Neil Young's Biography (first Anchor Books edition, 2003)
- ↑ Andy Greene (24. august 2012). «Neil Young and Crazy Horse Double-Disc 'Psychedelic Pill' Due in October». RollinGstone.com. Henta 24. august 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Crazy Horse (band)» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2010.