«My Back Pages»
song av Bob Dylan
frå albumet Another Side of Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 1964
Sjanger Folk
Lengd 4:23
Selskap Columbia Records
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«My Back Pages» er ein song av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan frå 1964. Songen er stilmessig lik dei tidlegare protestsongane hans med berre Dylan på akustisk gitar. Teksten, og særleg refrenget («Ah, but I was so much older then/I'm younger than that now.») ser ut til å ta avstand frå den tidlegare personlege og politiske idealismen til Dylan.

Bakgrunn endre

Ah, but I was so much older then
I'm younger than that now.

Bob Dylan

Ingen av songane på Another Side skal ha uroa venene til Dylan frå den tidlege visesongrørsla meir enn «My Back Pages». I følgje Mike Marquesee: «det melodiøse refrenget må vere eit av dei mest lyriske uttrykka for politisk fråfall som nokon gong er skrive. Det er ei avsverging i alle tydingar av ordet».[1]

Andre er derimot ikkje heilt samde med tolkinga til Marquesee og ser i staden for endringa i filosofien til Dylan som ein sakte overgang, særleg med tanke på at Dylan framleis spelte mange av dei tidlege songane sine etter han hadde laga «My Back Pages».

The Byrds-utgåva endre

«My Back Pages»
Singel av The Byrds
frå albumet Younger Than Yesterday
B-side

"Renaissance Fair"

Språk engelsk
Utgjeve 13. mars 1967
Innspelt 5.-8. desember 1966, 3. februar 1967, Columbia Studios i Hollywood
Sjanger Folkrock
Lengd 2:31
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Gary Usher
The Byrds-kronologi 
«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»
(1967)
«My Back Pages» «Have You Seen Her Face»
(1967)


«My Back Pages» vart gjeven ut som singel av det amerikanske rockebandet The Byrds den 13. mars 1967 på Columbia Records.[2] Songen var òg på det fjerde albumet til bandet, Younger Than Yesterday, som kom ut i februar 1967.[2] Singelen nådde 30. plass på Billboard-lista,[3], men nådde ikkje lista i Storbritannia. Singelen var den siste til The Byrds som nådde Topp 40 i USA.[3]

Andre utgåver endre

Songen har vorte spelt av mange andre artistar,[4], som The Ramones, Po!, The Hollies, The Nice, Eric Johnson, The Box Tops, Carl Verheyen, Marshall Crenshaw, Keith Jarrett, Steve Earle og *64.

Ei konsertutgåve vart spelt av Bob Dylan, Eric Clapton, George Harrison, Neil Young, Roger McGuinn og Tom Petty på Dylan si 30-årsfeiring som artist i New York City i oktober 1992.

Kjelder endre

  1. Marquesee, Mike (2003). Chimes of Freedom: The Politics of Bob Dylan's Art. New Press. s. 105–106. 
  2. 2,0 2,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-95295-401-X. 
  3. 3,0 3,1 «The Byrds chart data». Ultimate Music Database. Henta 9. august 2009. 
  4. «My Back Pages cover versions». allmusic. Henta 19. oktober 2009. 

Bakgrunnsstoff endre