Ragnhild Fausa

norsk handballspelar

Ragnhild Jenny Fausa (fødd 12. mars 1962) er ein norsk tidlegare handballspelar og seinare offentleg byråkrat frå StrandaSunnmøre.

Ragnhild Fausa
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1962 (62 år)

Fausa spelte på Stranda Idrottslag sitt handball-lag til 1983. Ho melde seg då inn i Sverresborg IF. Med laget frå Trondheim vart ho norsk meister i 1983 og 1984, i dei to finalane skåra ho høvesvis 3 og 6 mål. Saman med folk som Ingrid Steen, Britt Johansen, Hanne Hogness, Anne Berg Larssen og Karin Singstad syrgde ho for at Sverresborg våren 1986 stod att som seriemeister i handball, for fyrste og einaste gong i lagssoga. Sesongen 1988/89 gjorde Fausa teneste i tyske Bayer Leverkusen. Ho vende sidan tilbake til Sverresborg, før ho 1990-92 til sist var aktiv spelande trenar på andredivisjonslaget Stjørdals-Blink.

Fausa deltok åra 1985 og -86 i 40 av Noregs landskampar, skåra 65 mål.

Fausa bur i Kristiansund, der ho har vore leiar av NAV-kontoret.

Kjelder

endre
  • Trondheim håndballkrets i skuddet: jubileumsberetning 1945-1995.
  • handball.no