Raining in My Heart

(Omdirigert frå Raining In My Heart)
Raining in My Heart
Song av Buddy Holly
frå albumet The Buddy Holly Story
Utgjeve 1959
Innspelt 1958
Sjanger Pop
Lengd 2:48
Selskap Coral 9-62074
Låtskrivar(ar) Felice Bryant, Boudleaux Bryant

«Raining in My Heart» er ein song spelt inn av Buddy Holly i lag med orkesteret til Dick Jacobs. Musikken og teksten er skriven av Felice Bryant og Boudleaux Bryant. Han vart gjeven ut på singel på Coral Records i 1959 og nådde 88. plassen på Billboard-lista som B-sida til «It Doesn't Matter Anymore». Innspelinga vart òg gjeven ut på den første samleplata til Buddy Holly, The Buddy Holly Story som kom i mars 1959.

Andre versjonar endre

I 1967 gav Skeeter Davis ut hyllestalbumet Skeeter Davis Sings Buddy Holly med denne songen. Nesten tre tiår seinare, i 1996, gav Connie Francis ut eit liknande album, With Love To Buddy, som òg hadde med denne songen.

Songen vart ein liten hit i 1978 for Leo Sayer då songen nådde 47. plassen på Billboard Hot 100.[1] Andre som spelte in songen er mellom andre Status Quo på albumet deira Don't Stop i 1996 og Don McLean på albumet Starry Starry Night i 2001.

I 1968 siterte The Beatles den første linja av «Raining in My Heart» i songen «Dear Prudence» som «The sun is up [i staden for «out»]; the sky is blue».

Dave Clark Five spelte songen i 1970 på albumet The Dave Clark Five Play Good Old Rock & Roll.[2]

Anne Murray spelte inn ein versjon av songen på albumet New Kind of Feeling.

Rick Danko spelte songen i 1989 som medlem av Ringo Starr & His All-Starr Band. Han fortsette å spele songen på konsertane sine etter dette.

Songen vert omtalt i Alvin Stardust-songen «I Feel Like Buddy Holly». Refrenget i songen er «Well, I feel like Buddy Holly, 'cause it's raining In my heart».

I 1996 spelte Hank Marvin ein instrumental av songen på Hank Plays Holly.

Det australske blues- og rootsbandet The Revelators spelte inn songen i 2000 på albumet The Adventures of The Amazing Revelators.

Robert Wyatt selte ein pianobasert instrumentalversjon av songen i 2003 på albumet Cuckooland.

Eric Idle bidrog med ein Spike Jones-aktig versjon av «Raining In My Heart» for hyllestalbumet, Listen to Me: Buddy Holly frå 2011.

Kjelder endre

  1. «The Hot 100 : Nov 04, 1978 | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 4. november 1978. Henta 12. februar 2018. 
  2. «"Play Good Old Rock & Roll (Remastered)" by The Dave Clark Five on iTunes». itunes.apple.com. Henta 20. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff endre