Opna hovudmenyen

The Buddy Holly Story av Buddy Holly

The Buddy Holly Story
Samlealbum av Buddy Holly og the Crickets
Utgjeve 28. februar 1959[1]
Innspelt 25. februar 1957–27. mai 1958, Norman Petty Studios, Clovis i New Mexico
27–28. september 1957, Tinker Air Force Base, Oklahoma City
25. januar 1958–21. oktober 1958, New York City[2]
Sjanger Rock and roll, pop
Selskap Coral
Produsent Norman Petty, Dick Jacobs, Bob Thiele[2]
Buddy Holly og the Crickets-kronologi
That'll Be the Day
(1958)
The Buddy Holly Story The Buddy Holly Story, Vol. 2
(1960)


The Buddy Holly Story er det første samlealbumet med Buddy Holly og The Crickets etter at Holly døydde. Albumet kom ut 28. februar 1959 på Coral Records mindre enn ein månad etter Holly omkom i ein flystyrt.[1]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]

Albumet inneheld tidlegare utgjevne singlar av Buddy Holly på både Brunswick (med The Crickets) og Coral (som soloartist).[4] Albumet nådde Topp 20 på albumlistene i både USA og Storbritannia, og i 1969 hadde det seld til gullplate i USA.

Innhaldsliste

SongarEndra

Av dei tolv songane på albumet var «Maybe Baby», «That'll Be the Day», «Think It Over» og «Oh, Boy!» tilskriven The Crickets, medan resten var av Buddy Holly. Alle songane var gjevne ut på singlar tidlegare og songane «Peggy Sue», «That'll Be the Day», «Early in the Morning», «Maybe Baby», «Oh, Boy!», «Rave On!», «Think It Over» og «It Doesn't Matter Anymore» nådde alle topp 40 på Billboard Hot 100 og songane «Heartbeat» og «Raining In My Heart» nådde begge nedre halvdel av Hot 100.[5]

Seinare utgjevingarEndra

Då Coral Records gav ut The Buddy Holly Story på LP, gav dei òg ut fire songar, «It Doesn't Matter Anymore», «Heartbeat», «Raining In My Heart» og «Early in the Morning» – som var med på LP-versjonen på ein 7" EP kalla The Buddy Holly Story. EP-en nådde niandeplassen på EP-lista til Billboard.[6]

I april 1960 gav Coral Records ut ein oppfølgjar til The Buddy Holly Story kalla The Buddy Holly Story, Vol. 2. Denne tittelen vart òg nytta på filmmusikkalbumet til filmen frå 1978 med same namn.

InnhaldEndra

Side 1
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Raining In My Heart»  Felice and Boudleaux Bryant 2:48
2. «Early in the Morning»  Bobby Darin, Woody Harris 2:06
3. «Peggy Sue»  Jerry Allison, Norman Petty, Buddy Holly 2:29
4. «Maybe Baby»  Petty, Holly 2:01
5. «Everyday»  Holly, Petty 2:07
6. «Rave On!»  Sonny West, Bill Tilghman, Petty 1:49
Side 2
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «That'll Be the Day»  Allison, Petty, Holly 2:17
2. «Heartbeat»  Buddy Holly, Bob Montgomery[7] 2:09
3. «Think It Over»  Holly, Petty, Allison 1:43
4. «Oh, Boy!»  West, Tilghman, Petty 2:07
5. «It's So Easy!»  Holly, Petty 2:09
6. «It Doesn't Matter Anymore»  Paul Anka 2:04

MedverkandeEndra

SalslisteEndra

The Buddy Holly Story nådde 11. plassen på Billboard 200[8] og andreplassen på UK Albums Chart.[9]

KjelderEndra

  1. 2,0 2,1 Memorial Collection (CD liner). Buddy Holly. United States: Decca Records/Geffen Records. 2008. B0011337-02.  Den ukjende parameteren |tittellink= vart ignorert (hjelp)
  2. Allmusic review
  3. Grevatt, Ren. The Buddy Holly Story (Vinyl sleeve). Buddy Holly. United States: Coral Records. Back cover. CRL 57279. 
  4. «Charts & Awards: Buddy Holly – Billboard Singles». Allmusic. United States: Rovi Corporation. Henta March 20, 2011. 
  5. Whitburn, Joel (1992). Joel Whitburn Presents the Billboard Pop Charts (1955–1959). Record Research. ISBN 0-89820-092-X. 
  6. John Goldrosen and John Beecher, "Remembering Buddy: the definitive biography", 1987, Page 113.
  7. «Charts & Awards: Buddy Holly – Billboard Albums». Allmusic. United States: Rovi Corporation. Henta March 2, 2011. 
  8. «Buddy Holly». The Official Charts Company. Henta March 2, 2011. 

BakgrunnsstoffEndra