It Doesn't Matter Anymore

It Doesn't Matter Anymore
Singel av Buddy Holly
frå albumet The Buddy Holly Story
B-side

«Raining in My Heart»

Utgjeve 5. januar 1959
Innspelt 21. oktober 1958, Decca Studios i Pythian Temple i New York
Sjanger Pop
Lengd 2:01
Selskap Coral Records 9-62074
Låtskrivar(ar) Paul Anka
Buddy Holly-kronologi 
«Heartbeat»
(1958)
It Doesn't Matter Anymore «Peggy Sue Got Married»
(1959)


«It Doesn't Matter Anymore» er ein popballade skriven av Paul Anka og spelt inn av Buddy Holly i 1958. Songen nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1959, kort tid etter Holly omkom i ein flystyrt den 3. februar 1959. Den andre sida av singelen var «Raining in My Heart». «It Doesn't Matter Anymore» var den siste topp 20-hitten til Holly i USA og vart spelt inn med orkester av Dick Jacobs. Han vart òg ein suksess i Storbritannia, der han vart den første posthume singelen som gjekk til topps på singellista i landet. Songen vart spelt inn i midten av oktober 1958 i New York City. Paul Anka skreiv songen spesifikt for Holly. Han donerte honorara frå songen til kona til Holly. Han sa: «'It Doesn't Matter Anymore' har ein tragisk ironi ved seg no, men han vil i det minste vere til litt støtte for familien til Buddy Holly. Eg gjev låtskrivarhonorara mine til enka - det er det minste eg kan gjere.»

Songen er blitt spelt av mange andre artistar, og størst suksess fekk den New Zealand-fødde songaren Mark Williams med songen i 1977, då songen gjekk heilt til topps på singellista i USA.

Innhald endre

  1. «It Doesn't Matter Anymore» (2:01)
  2. «Raining in My Heart» (2:45)

Salslister endre

I Storbritannia nådde songen toppen av slista den 24. april 1959 og låg der i tre veker. Dette vart dermed den første posthume utgjevinga som gjekk til topps på den britiske singellista.[1] Holly fortsette å ha suksess på salslistene i Storbritannia godt inn i 1960-åra. I USA nådde singelen 13. plassen på Billboard Hot 100-lista. Det var den siste singelen til Holly på Topp 20 i USA.

Mark Williams-versjonen endre

It Doesn't Matter Anymore
Singel av Mark Williams
frå albumet Taking It All In Stride
B-side

«True Love (Is Never Easy)»

Utgjeve April 1977
Innspelt 1977
Studio EMI Studios, Wellington, New Zealand
Sjanger
Lengd 2:42
Selskap EMI Music
Låtskrivar(ar) Paul Anka
Produsent Alan Galbraith
Mark Williams-kronologi 
«Taking It All in Stride»
(1976)
It Doesn't Matter Anymore «A House for Sale»
(1977)


«It Doesn't Matter Anymore» vart spelt inn av den New Zealand-fødde songaren Mark Williams. Songen kom ut i april 1977 som den andre singelen frå det tredje albumet hans, Taking It All In Stride (1977). Songen gjekk til topps på den newzealandske singellista og var den bestseljande singelen av ein newzealandsk artist i New Zealand i 1977.

Innhald endre

7" single (EMI – HR 566)

Side A: «It Doesn't Matter Anymore»
Side B: «True Love (Is Never Easy)»

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1977) Plassering
New Zealand (RIANZ)[2] 1

Årslister endre

Liste (1977) Plassering
New Zealand (Recorded Music NZ)[3] 6
New Zealand Artist (Recorded Music NZ)[3] 1

Andre versjonar endre

  • Wanda Jackson spelte ein versjon av denne songen i 1961 på albumet hennar, There's a Party Goin' On.
  • John Barry spelte ein instrumental versjon, som var med på samlealbumet The EMI Years: 1961.
  • Paul Anka sjølv spelte inn songen i 1963 på albumet hans, 21 Golden Hits, som inneheld nyinnspelingar av eldre hittar, som han hovudsakleg skreiv sjølv.
  • Songen vart spelt av Freddie and the Dreamers på albumet You Were Made for Me in 1964.
  • Songen vart spelt av Linda Ronstadt på albumet Heart Like a Wheel (1974). Singelen nådde 20. plassen på Adult Contemporary-lista, 47. plassen på poplista og 54. plassen på countrylista hausten 1975.
  • Songen vart nytta i BBC-serien Survivors i episode 9, sungen av Chris Tranchell i 1975.
  • Don McLean inkluderte ein versjon i 1978 på albumet hans Chain Lightning
  • Ein instrumentalversjon vart spelt inn av Hank Marvin in 1996 on Hank Plays Holly.
  • The Seekers spelte ein versjon i 1997 på albumet deira, Future Road.
  • Waylon Jennings spelte inn songen og denne vart gjeven ut som bonusspor på 1999-utgåva av This Time med The Crickets.
  • Eva Cassidy sin versjon av songen opna albumet hennar Imagine, som kom ut i 2002.
  • Serena Ryder spelte ein versjon i 2006 på albumet hennar If Your Memory Serves You Well.
  • Marty Wilde spelte inn songen på DVD-utgåva av The 50th Anniversary Concert i 2007.
  • Australske Gina Jeffreys spelte inn songen på albumet, Old Paint (2010).

Kjelder endre

  1. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits. Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives. s. 42. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. "Charts.org.nz – Mark Williams – It Doesn't Matter Anymore". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 13. februar 2018.
  3. 3,0 3,1 «End of Year Charts 1977». RIANZ. Henta 1 July 2017. 

Bakgrunnsstoff endre