Rajo
(Omdirigert frå Rajo i Syria)
Rajo (arabisk راجو, kurdisk Reco) er ein by i Afrin-distriktet i Aleppo guvernement, nordvest i Syria. Rajo er senteret for eit underdistrikt med same namn som består av kring 65 landsbyar og gardar rundt byen. Byen har kring 4 000 innbyggjarar medan det samla folketalet i heile underdistriktet er 21 955 (folketeljing 2004).
Rajo | |||
راجو | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Distrikt | Afrin-distriktet | ||
Nahiyah | Rajo | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 21 955 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Rajo | |||
Rajo er ein gammal busetnad som ligg på Baylanplatået vest for Kurdarfjellet. Namnet Rajo spring ut frå eit gammalt kurisk slektsnamn. Bagdadbanen har gått gjennom Rajo sidan 1912.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Rajo, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: