Ralf und Florian
Ralf und Florian Studioalbum av Kraftwerk | ||
Språk | tysk | |
Utgjeve | Oktober 1973 - Tyskland sidan gjeve ut i andre land | |
Innspelt | Mai-juli 1973 ved: Kraftwerk Studio — Düsseldorf Cornet Studio — Köln Rhenus Studio — Köln Studio 70 — München | |
Sjanger | Krautrock, elektronisk | |
Lengd | 37:41 | |
Selskap | Philips Vertigo (Out of print) | |
Produsent | Conny Plank Ralf Hütter Florian Schneider | |
Kraftwerk-kronologi | ||
---|---|---|
Kraftwerk 2 (1972) |
Ralf und Florian | Autobahn (1974)
|
Ralf und Florian (engelsk tittel: Ralf and Florian) er det tredje studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, gjeve ut i oktober 1973. I motsetnad til seinare Kraftwerk-album, som hadde språkspesifikke tekstar, er det berre titlane som er forskjellig på den engelske og tyske utgåva.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Piero Scaruffi | [2] |
Bakgrunn
endreI lag med dei to første albuma til Kraftwerk, har ikkje Ralf und Florian vorte offisielt gjeve ut på CD. Albumet har likevel inspirert mange og er eit ettertrakta album, som har eksistert på piratkopierte CDar sidan midten av 1990-åra. Bandet har hinta om at albumet kan kome på CD etter plateboksen The Catalogue kom ut hausten 2009.[3]
Som indikert av tittelen (og som det førre albumet deira), så er alle spora skrivne, framførte og produserte av Ralf Hütter og Florian Schneider, med den formåande Konrad «Conny» Plank som lydteknikar. Albumet har ein rikare og meir polert lydkvalitet enn dei førre albuma, og dette kjem nok av dei mange kommersielle platestudioa dei nytta i tillegg til det enno namnlause Kling Klang-studioet til Kraftwerk. Fargebiletet på baksida av plateomslaget gjev eit levande bilete av den bohemiske tilstanden studioet til Kraftwerk var på denne tida, med eggekartongar festa på veggane for lydisolering.
Albumet er nesten heilt instrumental (utanom ordlaus jodling på «Tanzmusik» og «Ananas Symphonie», som er første gong bandet nytta ei maskinstemme skapt av ei tidleg utgåve av ein vocoder, ein lyd som skulle verte eit varemerke for Kraftwerk). Instrumenteringa byrja å leggje meir vekt på synthesizerar (Minimoog og EMS AKS), men dei mest melodiske og harmoniske klaverpartia vert spelt på eit Farfisa elektrisk piano/orgel. Fløyte og gitar vert òg framleis nytta. Bandet var framleis utan trommeslagar, og fleire spor, særleg «Tanzmusik», nyttar rytmebokslydar frå eit orgel. «Kristallo» inneheld ei slåande rytmisk og elektronisk basslinje (skapt på EMS-synthesizeren med hjelp av vocoderen), men generelt er albumet langt rolegare og mindre rytmisk presist enn dei seinare elektroniske verka til Kraftwerk.
Plateomslaget kom med ein «musicomic»-plakat med teikningar av Emil Schult, som hadde spelt elektrisk fiolin på konsertane til bandet (men ikkje på albumet). Schilt fortsette å samarbeide med Kraftwerk fram til i dag. Teikneserien illustrerte kvart spor på albumet, i tillegg til byen Düsseldorf, med biletteksten «In Düsseldorf am Rhein, klingt es bald!», som tyder «I Düsseldorf ved Rhinen, vil det snart høyrast».
Albumet vart ein moderat suksess i Tyskland. Trommeslagaren Wolfgang Flür vart henta inn for å spele med Ralf og Florian på eit TV-show i Berlin, kunstshowet Aspekte for tyske WDR TV. Han vart medlem av gruppa etter dette.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Elektrisches Roulette» (Elektrisk Roulette) | 4:20 |
2. | «Tongebirge» (Mountain of Sound) | 2:50 |
3. | «Kristallo» (Crystals) | 6:20 |
4. | «Heimatklänge» (The Bells of Home) | 3:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Tanzmusik» (Dance Music) | 6:35 |
6. | «Ananas Symphonie» (Pineapple Symphony) | 13:55 |
Merk: Dei engelske omsetjingane er henta frå den amerikanske versjonen av albumet som kom ut på Vertigo i 1975.
Medverkande
endre- Ralf Hütter – vokal, klaverinstrument, elektronikk, strykeinstrument, trommer og perkusjon
- Florian Schneider-Esleben – vokal, klaverinstrument, elektronikk, stryke- og blåseinstrument, perkusjon
- Emil Schult – «musicomix»-plakaten
- Konrad «Conny» Plank – lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ralf und Florian» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Raggett, Ned (2011 [last update]). «Ralf and Florian - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. mars 2013.
- ↑ http://www.scaruffi.com/vol3/kraftwer.html
- ↑ Dante de Conti & Marcelo Duarte (28. januar 2011). «DATA - INTERVIEWS - DUMMY MAGAZINE - RALF HUTTER - SPRING 2006 - 2012-MAR-6 ::::». Kraftwerk.Technopop.Com.Br. Arkivert frå originalen 12. april 2008. Henta 24. mars 2013.
- ↑ (1973) Plateomslagstekst for {{{title}}} av Kraftwerk [LP]. Tyskland: Philips (6305 197).