Kraftwerk 2
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve januar 1972
Innspelt 26. september - 1. oktober 1971 at
Star Musik Studio
Hamburg i Tyskland
Sjanger Krautrock
Lengd 42:42
Selskap Philips
(ikkje lenger i produksjon)
Produsent Conny Plank
Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
Kraftwerk
(1970)
Kraftwerk 2 Ralf und Florian
(1973)


Kraftwerk 2 er det andre studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, gjeve ut i januar 1972.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Piero Scaruffi7.5/10[2]

Bakgrunn endre

Kraftwerk 2 vart skriven og framført av Kraftwerk-medlemmane Ralf Hütter og Florian Schneider seint i 1971, produsert av den formåande Konrad «Conny» Plank.

« Ingen ønskte å spele med oss for me gjorde alt slags mogeleg rart... feedback og overtonar og lydar og rytmar. Ingen trommeslagarar ønskte å arbeide med oss fordi me hadde desse elektroniske apparata. »

Ralf Hütter[3]

Albumet er kanskje det minst karakteristiske av det dei gav ut og nyttar lite synthesizerar, og hovudsakleg elektrisk gitar, bassgitar, fløyte og fiolin. Dei elektroniske handsamingane høyrer generelt til lydbandbasert musikk frå 1960-åra som vanlegvis vart produsert i den akademiske verda, med mykje bruk av bandekko (til dømes dei lagvise fløytesløyfene på «Strom»), og å spele av lydbanda baklengs og med forskjellig snøggleik. Generelt har lyden ein heller avdempa, nattleg kjensle, som kunne minne om «Megaherz» på debutalbumet til Kraftwerk, sidan Hütter & Schneider utforska mogelegheitene for elektronisk og auto-mekanisk forsterking av musikken sin.

Den lange, nesten sidelange «Klingklang» som opnar albumet er kjend for bruken av ein førehandsett orgelrytme. Han opnar med ein klingande Stockhausen-aktig metallisk perkusjonsmontasje og framkallar den umiskjennelege Kraftwerk-stilen. Seinare vart songtittelen òg nytta som namn på det sjølvbygde studioet til bandet i Düsseldorf. «Atem» er ei innspeling med pustelydar, medan «Harmonika» består av bandmanipulert munnspel.

Plateomslaget, laga av Ralf og Florian, er ein kopi av plateomslaget frå debutalbumet, men med grønfarga trafikkjegle i staden for oransje.

Albumet kom etter kvart ut i Storbritannia, der dei to første albuma vart slått saman til eit dobbeltalbum, på Vertigo i mars 1973, meir enn eit år etter den tyske utgåva kom i januar 1972.

Bandet spelte aldri noko frå dette albumet på konsertane sine etter Autobahn-turneen i 1975. Albumet er aldri gjeve ut på CD, og bandet verkar motvillig til å vedkjenne seg albumet som ein del av diskografien sin. Schneider skildra dei tre første Kraftwerk-albuma som «arkeologi». Piratkopiar på CD har eksistert sidan midten av 1990-åra. Kraftwerk har hinta om at albumet kan kome på CD etter plateboksen deira Der Katalog.[4]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Klingklang»17:36
2.«Atem»2:57
Side to
Nr.TittelLengd
3.«Strom»3:52
4.«Spule 4»5:20
5.«Wellenlänge»9:40
6.«Harmonika»3:17

Medverkande endre

[5]

Kjelder endre

  1. Raggett, Ned (2011 [last update]). «Kraftwerk 2 - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. mars 2013. 
  2. http://www.scaruffi.com/vol3/kraftwer.html
  3. Intervju i magasinet Select, 1991
  4. Dante de Conti & Marcelo Duarte (28. januar 2011). «DATA - INTERVIEWS - DUMMY MAGAZINE - RALF HUTTER - SPRING 2006 - 2011-AUG-21 ::::». Kraftwerk.Technopop.Com.Br. Arkivert frå originalen 12. april 2008. Henta 24. mars 2013. 
  5. (1972) Plateomslagstekst for Kraftwerk 2 av Kraftwerk [LP]. Tyskland: Philips (6305 117).

}}